Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve piska masse

Sukkerbrød og rullekake er døme på kaker laga av piska masse. I ein slik masse er det innpiska luft i kombinasjon med bakepulver som gir eit luftig bakverk. Det er viktig å ta vare på den innpiska lufta for å få best mogleg kvalitet.
Ei blautkake med riven sjokolade og jordbær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du lage sukkerbrød på tre ulike måtar: eit som blir laga med vanleg framgangsmåte, eit som blir laga utan bruk av bakepulver, og eit der egg og sukker blir varma varsamt opp før pisking. Her vil du tydeleg sjå kor viktig både bakepulver og korleis du beheld innpiska luft, er for det ferdige resultatet.

Oppgåve

  1. Lag dei tre ulike variantane av sukkerbrød.
  2. Vurder undervegs om det er nokon forskjell på kor luftig eggedosisen blir.
  3. Vurder det ferdige produktet. Kva variant vart høgast og mest luftig?

Sukkerbrød med bakepulver

Ingrediensar

  • 4 egg
  • 100 g sukker
  • 100 g sikta kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker

Framgangsmåte

Forvarm steikjeomnen til 170 gradar. Pisk egg og sukker til ein lys og luftig eggedosis. Sikt i kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker. Vend massen forsiktig saman med ein sleikjepott til mjølet er godt blanda i eggedosisen.

Smør ei kakeform (21 cm) og hell i deigen. Stryk opp massen slik at innsida av kakeforma er dekt av kakemassen. Steik til han er lys gyllen, ca. 35 minutt. Avkjøl den varme botnen opp ned på eit bakepapir som du på førehand har strødd med litt sukker. Dette gjer at du beheld fukta i botnen, i tillegg til at han blir heilt flat på toppen.

PS! Det er viktig å ikkje opne omnsdøra for tidleg, då vil sukkerbrødet falle saman.

Sukkerbrød utan bakepulver

Ingrediensar

  • 4 egg
  • 100 g sukker
  • 100 g sikta kveitemjøl
  • 1 ts vaniljesukker

Framgangsmåte

Forvarm steikjeomnen til 170 grader. Pisk egg og sukker til ein lys og luftig eggedosis. Sikt i kveitemjøl og vaniljesukker. Vend massen forsiktig saman med ein sleikjepott til mjølet er godt blanda i eggedosisen.

Smør ei kakeform (21 cm) og hell i deigen. Stryk opp massen slik at innsida av kakeforma er dekt av kakemassen. Steik til han er lys gyllen, ca. 35 minutt. Avkjøl den varme botnen opp ned på eit bakepapir som du på førehand har strødd med litt sukker. Dette gjer at du beheld fukta i botnen, i tillegg til at han blir heilt flat på toppen.

PS! Det er viktig å ikkje opne omnsdøra for tidleg, då vil sukkerbrødet falle saman.

Sukkerbrød med oppvarming av sukker og egg

Ingrediensar

  • 4 egg
  • 100 g sukker
  • 100 g sikta kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker

Framgangsmåte

Forvarm steikjeomnen til 170 grader. Bland egg og sukker ein bolle (eventuelt med litt vaniljestong). Sett bollen i vassbad og rør i blandinga av og til. Dette gjer du til blandinga er varm og sukkeret er løyst opp i egga.

Pisk egg og sukker til ein lys og luftig eggedosis. Sikt i kveitemjøl og vaniljesukker. Vend massen forsiktig saman med ein sleikjepott til mjølet er godt blanda i eggedosisen.

Smør ei kakeform (21 cm) og hell i deigen. Stryk opp massen slik at innsida av kakeforma er dekt av kakemassen. Steik til han er lys gyllen, ca. 35 minutt. Avkjøl den varme botnen opp ned på eit bakepapir som du på førehand har strødd med litt sukker. Dette gjer at du beheld fukta i botnen, i tillegg til at han blir heilt flat på toppen.

PS! Det er viktig å ikkje opne omnsdøra for tidleg, då vil sukkerbrødet falle saman.

Eit sukkerbrød uten noko pynt framfor ein sukkerpose med ei oppskrift på sukkerbrød, "Mammas sukkerbrød". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Massar