Formkaker skal vere saftige og gode, og dei finst i mange variantar.
Formkaker blir laga av ein rørt masse. Rørte massar består av sukker, margarin, egg, bakepulver, væske og eventuelle smaksstoff. Når vi skal lage rørte massar, nyttar vi k-spaden på maskina.
Framgangsmåte:
- Rør margarin og sukker kvitt.
- Tilsett eitt og eitt egg og rør godt mellom kvart egg.
- Tilsett mjøl og bakepulver litt etter litt.
- Tilsett væske litt etter litt.
- Bland inn smakstilsetjingar.
- Hell i ei smurd form og steik kaka.
- Ha på eventuell glasur.
Variantar av formkaker
Variant | Blir smaksett med | |
---|---|---|
Sitronkake | sitronsaft og rive skal frå sitron | |
Appelsinkake | appelsinsaft og rive skal frå appelsin | |
Marmorkake | kakao, vaniljesukker, sukker og mjølk som blir tilsett i 1/3 av røra. Legg halvparten av den lyse røra i ei brødform, legg så i kakaorøra og til slutt resten av den lyse røra. | |
Fruktkake | fruktsaft og små bitar av tørka frukt |
Video
Denne videoen viser korleis vi lagar ei sitronkake av rørt masse.
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020