Hopp til innhald

Fagstoff

Fruktvin

Fruktvin kan lagast av alle typar frukt og bær utanom druer.
Eit bord med fleire flasker og glas med ulike typar fruktvin. Framfor flaskene og glasa ligg det eple, pære, hyllebær, plommer, rips, blåbær og bringebær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Mykje nytta råstoff er rabarbra, rips, solbær, kirsebær, eple, fikenar, rosiner og løvetann.
  • Før gjæringa startar, må bæra knusast og frukta malast. Denne massen må ein så helle kokande vatn over eller svovle for å drepe uønskt gjær.
  • Så tilset ein kultivert vingjær og litt sukker. Dette er som du kanskje hugsar, ikkje naudsynt med druevin. Med slik vingjær kan ein oppnå ein vin på over 20 prosent.
  • Etter eit par dagar startar det vi kallar stormgjæring, som varer i ca. 3 dagar.
  • Så blir mosten pressa frå råstoffet, og den stille gjæringa held fram i 4–12 veker, alt etter temperatur og sukkerinnhald. Heile sukkermengda blir tilsett i to til tre omgangar.
  • Dei fruktvinane som blir selde i Noreg, har ein alkoholprosent på mellom 8 og 16.
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Vin