Hopp til innhald

Fagstoff

Rosévin

Rosévin kan ha litt ulike fargenyansar, men er rosa eller lys raud. Mange trur at ein får den rosa fargen berre ved å blande raudvin og kvitvin, men det er ikkje tilfelle. Rosévin blir laga av blå druer med ei maserasjonstid som er kortare enn for raudvin.

Rosévin finn vi både i tørre og halvtørre typar og dessutan nokre som er svakt perlande, altså litt musserande. Rosévin har eigentleg kvitvinskarakter og blir servert i kvitvinsglas med kvitvinstemperatur. Rosévin kan brukast til lyst kjøtt og til kaldtbord/smørbrød der det blir servert både kjøtt og sjømat.

Rosévin kan framstillast på tre ulike måtar:

Skalkontaktmetoden

Etter at druene er plukka, blir dei klemde eller lett knuste, dette blir òg kalla å kryste. Dette gjer at sjølve safta i druene kjem i kontakt med drueskalet, der fargen som nemnt sit. Jo lenger denne kontakten blir halden oppe, jo mørkare blir fargen på det ferdige produktet. Denne metoden er i dag den vanlegaste produksjonsforma. Druene som blir nytta her, blir berre brukte til å framstille rosévin. Vinar som blir laga på denne måten, blir ofte kjenneteikna av at dei blir litt mørkare enn andre rosévinar.

Saignée-metoden

"Saignée" kjem til liks med "rosé" frå fransk og betyr "å blø". Ved denne produksjonsforma er utgangspunktet ein raudvin, der drueskal og druejus blir masererte saman. Etter ønskt tid blir ein del av mosten tappa av og gjæra vidare til ein lysare rosé. Det som blir igjen, held fram med gjæringa og endar opp som raudvin. Mange av dei absolutt beste rosévinane er laga på denne måten, men i små kvantitetar.

Blandingsmetode

Denne metoden gir ein enkel og grei rosé, som blir framstilt ved at ein lagar ein vanleg kvitvin, og straks etter at gjæringa har byrja, tilset ein most frå blå druer. Denne metoden er offer for ein del kritikk, men kan seiast å ofte gi ein god og rimeleg rosé. Dette er ei produksjonsform som blir brukt i 90 prosent av all framstilling av roséchampagne.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Vin