Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ein digital diskusjon om Det ødelagte gjerdet

Ei litt gåtefull novelle om eit ungt par, eit eldre par og eit øydelagt gjerde. Kva vil eigentleg denne novella fortelje oss? Her skal vi prøve å diskutere både digitalt og munnleg. Målet er at alle i klassen skal bidra, og at du skal lese bidraga til kvar av medelevane dine.

Oppgåve 1. Korleis skal vi lese novella?

Start med å diskutere korleis de best liker å lese ein ny tekst. Ta gjerne ei avstemming i klassen. Vel blant alternativa under, eller kom med eigne forslag:

  1. Ein elev i klassen, som liker å lese høgt, les for resten av klassen.
  2. Læraren les høgt for klassen.
  3. Les stille inni dykk.
  4. Lag rollespel. Dette er ein god lesestrategi for å gjere teksten meir levande:

    Ein er forteljar og les alle referat og skildringar.

    Ei er den gamle dama og les replikkane hennar høgt.

    Ein er den gamle mannen.

    Ei er den unge jenta.

    Ein er den unge guten.

Oppgåve 2. Diskutere digitalt

Etter at de har lese novella, sit de sannsynlegvis igjen med

  • ei slags forståing av kva novella handlar om, og kva ho vil fortelje dykk
  • mange spørsmål om teksten

Målet er no at alle elevane i klassen skal få innsikt i tankane til alle medelevane sine. Og det kan vi få til med ein digital diskusjon. Opprett eit diskusjonsforum på den digitale plattforma skulen bruker.

Kvifor digital diskusjon?

Kvifor skal vi diskutere innhaldet i ein tekst digitalt? Er det ikkje mykje betre å berre seie det høgt, ansikt til ansikt?

  • Ofte synest mange det er skummelt å rekkje opp handa og komme med tolkingar av ein tekst dei ikkje kjenner til. Kanskje endar det opp med at det blir ein diskusjon mellom to–tre elevar og læraren?
  • Fordelen med å diskutere ukjende tekstar skriftleg er at alle i klassen skal bidra. Kanskje er det slik at den sjenerte jenta eller guten på bakarste rad, viser fram noko som hen elles aldri får bidratt med?
  • I tillegg skal du sannsynlegvis lese 25–30 ulike tolkingar av teksten. For kvar tolking du les, vil di eiga forståing bli utvida.
  • Dessutan blir det mindre skummelt å heve stemma og seie noko høgt etter å lese andre tolkingane sine. For kanskje var det ikkje slik at du var "heilt på jordet" eller "ikkje forstod nokon ting"?

  1. Vel fem elevar som skal skrive inn bidraget sitt i diskusjonsforumet de har oppretta. De fem skal skrive inn ei første tolking og spørsmål de har om novella. Start gjerne med setningar som:

    Eg trur denne novella handlar om ...

    Det eg trur denne novella vil fortelje oss, er at ...

    Temaet i novella er ...

    Det eg ikkje forstod, var ...

  2. No skal resten av klassen bidra. Alle i klassen skal lese alle fem innlegga og kommentere minst eitt av dei. Kommentaren skal vise til innlegget de kommenterer. Om du vil leggje inn ein kommentar som markerer einingheit, bør kommentaren din utvide det første innlegget. Det kan du til dømes gjere ved å vise til ei konkret hending eller eit sitat frå novella. Om du markerer ueinigheit, så pass på å uttrykkje deg forsiktig, slik at klassen får eit hyggjeleg tolkingsfellesskap. Bruk sitat eller døme frå novella for å grunngi påstandane dine. Du kan til dømes skrive:

    Ja, det er eg heilt einig i. Legg merke til at ... / til dømes seier guten at ...

    Ja, kanskje ..., men trur du ikkje at ...? Sjå til dømes kva jenta seier til guten: ...

    Eg forstår heller ikkje heilt kvifor, men kanskje ...

    Etter at alle har lagt inn kommentarane sine, skal de lese over kvarandre sine kommentarar, slik at de får innsikt i tankane alle i klassen har om novella.

Oppgåve 3. Snakk saman!

  1. No er det på tide å snakke om novella i ein felles klassediskusjon. Kanskje er det ikkje så skummelt no som de har fått innsikt i kva dei andre i klassen tenkjer? Få læraren dykkar til å notere ned viktige stikkord frå diskusjonen på tavla.
  2. Etter diskusjonen: Set av 5–10 minutt til å skrive ned på nytt kva du meiner er temaet i novella. Hugs på kva medelevane dine har sagt og sjå på notata på tavla.

Oppgåve 4. Nærles novella

Når de har kome fram til temaet, altså kva forfattaren vil fortelje lesarane sine med novella, er det på tide å utforske korleis dette temaet kjem til syne. Då må du nærlese novella. Har du fått novella på ark, bør du finne fram noko å skrive med. Om du les digitalt, bør du lime novella inn i eit program der du kan notere.

Målet med nærlesinga er å finne ut

  • korleis forfattaren har skrive novella
  • kvifor hen har skrive ho på denne måten

Nærles og marker

  • Ta for deg sitat frå novella som du synest er viktige.
  • Fokuser på moment som gjentek seg. Dette er ofte viktig.
  • Novella har nokre symbol. Finn du dei? Kva kan dei bety?
  • Legg merke til korleis synsvinkelen skiftar i novella. Kvifor har forfattaren gjort dette?
  • Avslutninga. Kva kan ho bety?
  • Tittelen. Kvifor heiter novella "Det ødelagte gjerdet"?

Oppgåve 5. Diskuter i fellesskap

Gå gjennom funna dykkar i fellesskap. De kan til dømes

  1. dele tavla i fire med overskriftene: "synsvinkel", "symbolikk", "viktige sitat" og "avslutninga". Brainstorm i klassefellesskap og skriv inn det kvar enkelt elev har funne ut.
  2. diskutere funna i grupper eller par før de har ein felles gjennomgang i klassen.
  3. opprette ein digital diskusjon igjen. Diskuter det de meiner er dei viktigaste verkemidla og kva funksjon dei har her. Oppsummer munnleg til slutt.

Oppgåve 6. Kva meiner du er viktigast?

  1. Les gjennom novella på nytt. Vel deg anten ein passasje (til dømes fem–seks setningar) eller to–tre sitat som du synest viser temaet i novella veldig godt.
  2. Sit i grupper. Fortel kvarandre kvifor de har valt akkurat denne passasjen eller desse sitata.

Oppgåve 7. Oppsummer

Korleis har det vore å diskutere ei novelle på denne måten – altså ei veksling mellom digital diskusjon og munnlegheit? Skriv ein logg der du reflekterer over dette:

  • Korleis synest du det fungerte å diskutere ein ukjend tekst på denne måten?
  • Var det noko du ville gjort annleis?
  • Fekk du betre innsikt i resten av tolkingane til klassen enn om de berre skulle diskutert novella i grupper eller i klassefellesskap? Grunngi svaret ditt.
  • Vil du seie at denne måten å jobbe på auka forståinga di av teksten? Kvifor/kvifor ikkje?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Episk dikting