Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personskildring

Oppgåve 1

Personskildring i eit eventyr

Ulike eventyrmotiv. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les utdraget frå eventyret "Manndottera og kjerringdottera" av Asbjørnsen og Moe nedanfor.

  1. Finn døme på direkte personskildring.
  2. Kvifor er denne typen personskildring vanleg i eventyr?

Det var ein gong eit par folk som hadde gifta seg saman; dei hadde kvar si dotter. Kjerringdottera var lei og lat og ville aldri gjere noko, og manndottera var flink og villig; men endå kunne ho aldri gjere mora til lags, og både kjerringa og dottera ville gjerne vere kvitt henne.

Oppgåve 2

Les utdråget frå novella "Nilsen" av Lasse Fosshaug.

  1. Kva slags inntrykk får du av eg-personen?
  2. Finn to-tre døme frå teksten som stadfestar dette inntrykket.
  3. Er skildringa av eg-personen direkte eller indirekte?

Nilsen lå og vrinska i sagflisa. Ankelen sto i en stygg vinkel i forhold til resten av beinet og salen hadde sklidd, slik at du nå kunne sitte på sida av gampen. På vommen. Uten at det nødvendigvis hadde gitt så mye framdrift. Søstera mi sto og hylgrein. Helt hysterisk. Jeg hadde lyst til å klappe til 'a, men turte ikke, så jeg ble stående med henda i lomma på kamuflasjebuksa. Fattern sto med telefonen trøkt opptil øret og prøvde å overtale dyrlegen til å komme fort som faen. – Denna hesten har det ikke godt, prøvde han seg. – Denna hesten må avlives! Hadde jeg hatt patroner skulle jeg gjort det sjøl, fortsatte han, og glemte tydeligvis den 11-årige dattera si som sto ved sida av og bælja.

Oppgåve 3

Les utdraget frå romanen Garman og Worse av Alexander Kielland.

  1. Kva for synlege ytre trekk ved jenta skildrar forteljaren?
  2. Kva er meir subjektive karakteristikkar og kommentarar?

Men sypiken var en blek, sykelig skapning med et par underlige store øyne, der alltid så ut som om de bad om forlatelse. Hun var smukk ennu; men alle fikk straks det inntrykk, at hun hadde vært meget smukkere; det var noe forkuet og falmet over henne; kinnene var litt innfalne, man kunne se at hun hadde mistet flere tenner.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting