Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vinterreisande

Oppgåve

Les forteljinga "Vinterreisande" og jobb deretter med spørsmåla.

  1. Den første setninga i forteljinga speler heilt tydeleg på første verset i ei kjend julevise av Alf Prøysen. Kva for ei?
  2. Om du ikkje kjenner til visa: Søk på "børi ved" og finn teksten på nettet!
  3. Forfattaren har altså eit medvite ønske om at lesaren skal kjenne att visa. Kva kallar vi dette verkemiddelet?
  4. Finn du andre trekk ved innhaldet som er felles for forteljinga og Prøysenvisa?
  5. Forteljinga er skriven på tilnærma stordamål (dialekten på Stord). Leit etter ord i teksten som du ikkje kjenner frå bokmål eller nynorsk, og prøv å finne ut kva dei tyder.
  6. Snakkar alle personane i teksten same dialekt?
  7. Kven opplever du som hovudperson i forteljinga? Kvifor?
  8. Vel to personar frå forteljinga. Blir dei skildra direkte eller indirekte? Vis med døme frå teksten.
  9. Kva funksjon har miljøskildringa i denne forteljinga?
  10. Kven er desse "vinterreisande"? Finn ut meir om folket som kallar seg "dei reisande".

Relatert innhald

Ei juleforteljing om reisande som drog frå gard til gard.

CC BY-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting