Hopp til innhald

Fagstoff

Referat, scene og skildring

Referat, scenisk framstilling og skildring er dei tre framstillingsformene vi til vanleg finn i forteljingar.
Dukketeaterscene ute i det fri. Rødhette møter ulven. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Referat og scene

Dersom ein handlingsgang blir samanfatta og attfortalt, seier vi at framstillinga er refererande. Forfattaren kan òg skildre viktige hendingar i større detalj og gi att replikkar og dialogar direkte. Det siste kallar vi scenisk framstilling fordi det minner om måten handlinga utspeler seg på i eit drama. Scenisk framstilling er med på å levandegjere handlinga.

Auka spenning

Bruk av scenisk framstilling er òg eit verkemiddel for å auke spenninga og for å setje søkjelyset på avgjerande situasjonar. I eventyret om Raudhette og ulven til dømes finn vi scenisk framstilling tre gonger: når ulven lurer Raudhette til å ta ein omveg gjennom skogen, når ulven kjem til bestemorhuset og sluker bestemora, og når Raudhette sjølv kjem til bestemorhuset blir lurt og eten av ulven.

Skildring

Dei fleste forteljingane inneheld korte eller lengre skildringar av stader, omgivnader og personar. Blandinga av referat, scene og skildring i episke tekstar er med på å skape variasjon og gi liv til framstillinga. Kor mykje skildring vi finn i ei forteljing, er elles avhengig av sjangeren og av skrivestilen til forfattaren.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting