Hopp til innhald

Fagstoff

Handling og konflikt

Det er ikkje utan grunn at eventyret sluttar så snart Askeladden og prinsessa har fått kvarandre og skal begynne å leve lykkelege alle sine dagar. Ei forteljing utan konflikt eller dramatiske hendingar av noko slag blir fort kjedeleg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konflikt som utgangspunkt

Det er til vanleg ei eller anna form for konflikt som dannar utgangspunktet for ei forteljing. Med konflikt meiner vi til dømes

  • eit motsetningsforhold mellom to eller fleire personar
  • eit motsetningsforhold mellom ein person og samfunnet omkring
  • ein vanskeleg etisk valsituasjon for ein eller fleire av personane

I ei novelle konsentrerer forfattaren seg oftast om éin konflikt, men i romanar, islendingesoger og andre lengre forteljingar finn vi oftast fleire.

To døme

Konfliktar mellom personar botnar ofte i ulike verdisyn, ulike haldningar og/eller ulike ønske. Eit godt døme på to romanpersonar med svært ulike ideal er ekteparet Wenche og Carsten Løvdahl i romanen Gift (1883) av Alexander Kielland. Wenche Løvdahl vil at sonen deira, Abraham, berre skal konfirmere seg dersom han verkeleg kan stå inne for lovnaden han skal gi. Faren derimot ser ikkje det som noko problem om sonen trur på Gud eller ikkje. Det einaste han er redd for, er kva godtfolk i byen vil seie dersom Abraham ikkje står til konfirmasjon.

Konfliktar kan òg liggje på eit meir kvardagsleg plan. I romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar (2018) kjem Jamal stadig i konflikt med personar rundt seg. Ikkje minst gjeld lærarane på skolen. Jamal synest det er vanskeleg å innrette seg og gjere det dei ber han om, som å gå tur i skogen når det er kaldt ute.

Handling

I noveller og andre korte forteljingar finn vi nesten alltid berre ein handlingsgang. I lengre forteljingar derimot er det vanleg med fleire. Dersom dei ulike handlingane går føre seg på same tid, snakkar vi om parallelle handlingar.

Hovudhandling og sidehandling

Ofte finst det ei hovudhandling og ei eller fleire sidehandlingar. Sidehandlingane går gjerne føre seg på andre stader og til andre tidspunkt enn hovudhandlinga, og dei kan spenne over eit kortare eller lengre tidsrom.

Sidehandlingane kastar gjerne lys over hovudhandlinga. Dei kan utdjupe eit motiv eller fungere som kontrast eller alternativ, og på den måten set dei temaet i perspektiv.

Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljing Synnøve Solbakken (1857) til dømes handlar om to unge menneske, Torbjørn og Synnøve, som er forelska i kvarandre. Foreldra til Synnøve er skeptiske til Torbjørn fordi han har eit sterkt temperament og lett for å hamne i slåstkampar. Ein stad i handlinga fortel mor til Synnøve ei historie om eit ulykkeleg ekteskap. Vi kan seie at denne sidehandlinga har som funksjon å vise kor gale det kan gå når ein vel partnar på feil premiss.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting