Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lønsemd og berekraft i praksisbedrifta

Er praksisbedrifta oppteken av berekraft og miljøvennlege val? I denne oppgåva skal du utforske korleis praksisbedrifta tek miljøomsyn. Går det på kostnad av lønsemda? Korleis opplever bedrifta krava om berekraft?
Illustrasjon som viser at berekraftig utvikling består av sosiale forhold, økonomi og forholdet til miljø og klima. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bedriftsleiarar må ta mange omsyn når dei tek val på vegner av bedrifta. Eigarane vil at bedrifta tener mest mogleg pengar, dei tilsette vil ha ein trygg arbeidsplass, og kundane vil ha gode produkt. Politikarane vil at bedriftene skal tene pengar og drive berekraftig og lovlydig.

Det kan vere motstridande interesser, og kven skal bedrifta då prioritere? Korleis opplever ein dette frå innsida av ei bedrift?

Du skal utforske dilemmaet sett frå bedrifta sin synsvinkel. For å løyse oppgåva må du avtale eit møte med leiaren din, eller helst den daglege leiaren i bedrifta.

Oppgåve

  1. Innleiing: Førebu deg på å arbeide med temaet berekraft. Kva betyr omgrepet? Finn informasjon om bedrifta, kva produkt ho har, og kor mange tilsette ho har.

  2. Innhald: Førebu om desse emna, og følg gjerne opp svaret med eit «korleis?» eller «kvifor?»:

  • I kva grad er produkta berekraftige?
  • Kor miljøvennleg er produkta produserte?
  • I kor stor grad nyttar bedrifta lokale leverandørar?
  • På kva måte driv bedrifta avfallssortering og gjenvinning?
  • Kor kostnadskrevjande er det å drive miljøvennleg?
  • På kva måte kan bedrifta tene pengar på å drive miljøvennleg?
  • Korleis opplever bedrifta miljømessige krav frå styresmaktene?
  • Kva planar har bedrifta om forbetringstiltak for å bli meir berekraftig?
  1. Avslutning: Samanfatt haldninga bedrifta har til berekraft. Kva synest du om ho?
Tips til lærar

Oppgåva kan passe som ein del av loggen eleven skriv frå praksis, som ei individuell skriftleg innlevering, eller som ei munnleg framføring.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2021

Læringsressursar

Lønsemd