Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lønsemd og nøkkeltal

For å vurdere lønsemda til ei bedrift bereknar vi økonomiske nøkkeltal. Vi kan samanlikne lønsemda til bedrifter i same bransje ved å samanlikne nøkkeltal.
Tilsette studerer ark med grafar. Foto.

Oppgåve

Bruk proff.no og sjå på rekneskapsopplysningar for to bedrifter i same bransje. Nøkkeltala fortel deg om den økonomiske utviklinga i bedriftene.

  1. Finn nøkkeltala for dei to bedriftene ved å søkje dei opp på proff.no, og legg tala inn i den vedlagde arbeidsboka.

    • likviditetsgrad 1 – oppgitt som «likviditetsgrad»

    • rentabilitet av eigenkapital før skatt – oppgitt som «lønsemd»

    • eigenkapitalprosenten – oppgitt som «soliditet»

  2. Gå gjennom nøkkeltala med ein medelev. Kva inneber det at nøkkeltala går opp eller ned? Kan de tenkje dykk nokre årsaker til at bedriftene har fått betre eller dårlegare økonomi?

Arbeidsbok

Filer

Relatert innhald

Nøkkeltal er forholdstal som seier noko om den økonomiske situasjonen.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Lønsemd