Hopp til innhald

Fagstoff

Dekningsgrad, dekningsbidrag, avanse og bruttoforteneste

I økonomi blir omgrepa dekningsgrad, dekningsbidrag, avanse og bruttoforteneste brukte litt om kvarandre. Korleis forstår du omgrepa?
Fotografi av raud blyant som markerer ein sum på eit rekneark.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dekningsbidrag

Bidragsmetoden er ein prissetjingsmetode som blir brukt når marknadsprisen er gitt. Det kan vere tilfellet når kundane har ei klar oppfatning om kor mykje dei er villige til å betale for produktet, eller når vi må ta omsyn til konkurrentane sin pris for å få selt.

Når marknadsprisen er gitt, må vi vurdere om det er lønsamt for bedrifta å tilby produktet til denne prisen. Til dette kan vi nytte bidragsmetoden. Med den bereknar vi kor stort dekningsbidrag marknadsprisen gir oss. Dekningsbidraget er produktet sitt bidrag til å dekkje faste kostnader og forteneste.

Dekningsbidraget (DB) er salspris utan meirverdiavgift minus variable kostnader.

dekningsbidrag per eining = salspris utan mva. - varekostnad

Dekningsgrad

Dekningsgrad er eit forholdstal som blir brukt til å samanlikne kor lønsame ulike produkt er. Dekningsgrada er dekningsbidraget per eining i prosent av salspris utan meirverdiavgift.

dekningsgrad = dekningsbidrag per einingsalspris per eining utan mva. × 100

Dekningsgrada fortel oss kor mange prosent av salsinntektene, utan meirverdiavgift, som blir igjen til å dekkje faste kostnader og ei eventuell forteneste.

Avanse

Omgrepa avanse og dekningsbidrag er lett å blande. Dekningsbidrag og avanse i kroner blir berekna på same måte, og er derfor likt i kroner. Men omgrepet avanse blir brukt annleis, og i prosent er dei ulike.

Avanse bruker vi ved sjølvkostmetoden. Det er prissetjingsmetoden som tek utgangspunkt i kostnadene for bedrifta.

varekostnad + avanse i kroner = salspris utan mva.

På same måte som dekningsbidrag skal avansen dekkje faste kostnader og forteneste. Bedrifta bereknar ut frå dei faste kostnadene sine kor stor avanse dei må leggje til for å kome fram til rett salspris.

Det er vanleg å bruke ein avanseprosent i staden for eit kronebeløp.

varekostnad + (varekostnad × avanseprosent) = salspris utan mva.

Avansen blir berekna i prosent av varekostnaden.

avanse i prosent = avanse i kronervarekostnad × 100

Avanseprosenten vil alltid vere høgare enn dekningsgrada fordi avanse blir rekna i prosent av varekostnad, mens dekningsgrad blir rekna i prosent av salspris.

Bruttoforteneste

Vi sa at dekningsbidrag og avanse er lik i kroner, og det kan vere forvirrande at det same beløpet også kan kallast bruttoforteneste.

I det interne budsjett- og rekneskapsarbeidet bruker vi omgrepet bruttoforteneste.

Bruttofortjeneste

Kalkulasjon

Kr

%

salsinntekter
– varekostnader
= bruttoforteneste

Bruttoforteneste blir også brukt som eit forholdstal, altså eit prosenttal. Bruttofortenesta blir berekna i prosent av salsinntekter utan meirverdiavgift.

Bruttoforteneste i prosent blir rekna på same måte som dekningsgrad. Utrekninga blir då slik:

bruttoforteneste i prosent bruttoforteneste i kronersalspris utan mva. × 100

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Lønsemd