Hopp til innhald

Fagstoff

Lønsemd i reiselivsbransjen

For å kunne drive lønsamt i reiselivsbransjen er vi avhengige av fornøgde gjestar. Reiselivsbedrifter måler derfor kundetilfredsheit gjennom ulike marknadsundersøkingar. Men det er ikkje nok med fornøgde gjestar, vi må òg ha god økonomistyring. Vi bereknar derfor òg ulike økonomiske nøkkeltal.
Ringjeklokke på ein hotelldisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I alle bransjar blir rentabiliteten, finansieringa og likviditeten til bedriftene vurdert. Det er òg nyttig å sjå på prosentvise endringar i ulike inntekter og kostnader.

Reiselivsbransjen har i tillegg sine eigne nøkkeltal, som , og . Desse nøkkeltala fortel oss i kor stor grad romkapasiteten på overnattingsstadene blir utnytta, og kva som er inntekta per rom og seng.

Generelle nøkkeltal

Vi deler gjerne inn nøkkeltala i tre kategoriar; rentabilitet, finansiering og likviditet.

Nøkkeltal om rentabilitet fortel oss om lønsemda til bedrifta. Vi ser her på storleiken på overskotet til bedrifta i forhold til eigenkapitalen.

Nøkkeltal om finansiering viser oss kor sunn finansiering vi har. Vi ser på korleis bedrifta har skaffa kapital, og på forholdet mellom kortsiktig og langsiktig gjeld.

Nøkkeltal om likviditet fortel oss om evna bedrifta har til å betale rekningar til rett tid.

Inntekter og kostnader i prosent

Det er nyttig å rekne ut kva dei ulike inntektene utgjer i prosent av sum driftsinntekter. Vi kan òg sjå på kva dei ulike kostnadene utgjer i prosent av dei same driftsinntektene. Vi vil bruke eit døme frå eit lite hotell, slik at det blir enklare å følgje med.

Alle beløpa er gitte i tusen kroner.

RESULTATREkNESKAP

Kalkulasjon

I år

I fjor

Kr

%

Kr

%

Overnatting

2 700

37,4

2 500

36,7

Mat og drikke

920

12,7

900

13,2

Nordlyssafari

3 400

47,1

3 200

47,0

Sal av effektar

200

2,8

210

3,1

Sum inntekter

7 220

100

6 810

100

Variable kostnader

2 503

34,7

2 315

34,0

Bruttoforteneste (dekningsbidrag)

4 717

65

4 495

66

Lønn og personale

2 650

36,7

2 384

35,0

Husleige

1 000

13,9

900

13,2

Andre administrasjonskostnader

565

7,8

500

7,3

Rentekostnader

210

2,9

200

2,9

Resultat før skatt

292

511

Skatt

79

1,0

143

2,2

Årsresultat

213

3,0

368

5,4

Kommentar til analysen av inntekter og kostnader

Den første reaksjonen vår er at resultatet har falle både i kroner og i prosent av inntektene. Dette skjer sjølv om inntektene har auka. Hovudgrunnen er at særleg dei variable kostnadene og løns- og personalkostnadene har auka både i kroner og i prosent av inntektene.

Det at aktiviteten aukar, kan lett gå ut over økonomistyringa. Då kan auka kostnader ete opp mykje av forbetringa i inntekter, slik at vi sit igjen med eit mindre overskot enn året før.
Det viktigaste med ein slik analyse er at vi lærer av han og gjer forbetringar i framtida.

Eigne nøkkeltal for reiselivsbransjen

Hotell og andre overnattingsstader opererer med eigne nøkkeltal. Beleggsprosent viser kor mange av romma og sengene til hotellet som er leigde ut i ein periode. Losjiinntekter fortel kor mykje vi har hatt i omsetning per rom og per gjest.

Belegg

Belegg på rom er ein prosent som fortel deg kor mange rom som i gjennomsnitt har vore leigde ut. Tala refererer til det førre dømet. Her har vi fått oppgitt kor mange rom det er på hotellet, vi veit kor mykje utleige vi hadde i fjor, og vi vil lage eit gjennomsnitt for eit år.

Du tek talet på utleigde rom i året, deler det på talet på rom i hotellet gonga med 365 dagar, og gongar med 100. Prosenten du får, viser kor mange rom som i gjennomsnitt var leigde ut kvar dag i året.

Utrekninga for belegg på rom:

Talet på utleigde romTalet på rom × 365×100=4 10625 × 365×100=45 %

Utrekninga for belegg i senger gir eit bilete av kor mange senger som i gjennomsnitt har vore i bruk. Då bruker vi talet på gjestar i staden for utleigde rom, og deler på talet på senger.

Talet  gjestarTalet  senger × 365× 100=5 69440 × 365× 100=39 %

Dersom du blir beden om å vurdere beleggsprosent, må du ha noko å samanlikne med. Anten kan du samanlikne med tidlegare år, eller du kan samanlikne med ein liknande overnattingsstad i same periode.

For mange overnattingsstader kan det vere stor variasjon i beleggsprosenten gjennom året. Til dømes er det ofte 100 prosent belegg på hotell i skuleferiane og lågt belegg elles. Hotell i dei store byane har eit meir jamt belegg heile året.

Romfaktor

Romfaktor er eit nøkkeltal som fortel oss i kva grad sengene på kvart rom har vore i bruk. Vi deler talet på gjestar på talet på utleigde rom.

Talet  gjestarTalet  utleigde rom=5 6944 106=1,4

Du får kapasiteten ved å gonge talet på rom eller senger med 365 (dagar i året).

Romfaktor

Antal

Belegg på årsbasis

Talet på rom

25

Talet på senger

40

Talet på utleigde rom

410645 %

Mengde gjestar

569439 %

Romfaktor

1,4

Losjiinntekter

Det er òg vanleg å berekne losjiinntekter per seng og per rom. I dømet vårt var losjiinntektene 2 700 000 kroner. Dette omsetningstalet deler vi på talet på rom og talet på senger, og då finn vi gjennomsnittleg inntekt per rom og per seng.

Her er tala det siste året i dømet vårt:

losjiinntekter per rom og per seng

Losjiinntekter i kr

Talet på utleigde rom/senger

Gjennomsnitt inntekt per rom/seng i kr

Rom

2 700 000

4 106

658

Senger

2 700 000

5 694

474


LosjiinntekterTalet  utleigde rom=2 700 000 kr4 106=658 kr

LosjiinntekterTalet på senger=2 700 000 kr5 694=474 kr


Ifølgje prislista er prisen for eit enkeltrom 650 kroner og for eit dobbeltrom 800 kroner i dømet. Men mange av turistane kjem i grupper, og då er det gjerne avtalt ein spesialpris. Eigarane er fornøgde med at dei likevel har greidd å halde ein relativ høg pris per rom og seng.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021

Læringsressursar

Lønsemd