Hopp til innhald

Fagstoff

Nøkkeltal og lønsemd

Vi nyttar nøkkeltal for å vurdere inntektsgrunnlaget og lønsemda til ei bedrift. Eigarane i bedrifta er opptekne av rentabilitet, men nøkkeltala for likviditet og finansiering er òg viktige. Du bør derfor kjenne til korleis du reknar ut nøkkeltal når du skal vurdere lønsemda til bedriftene.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøkkeltal

Vi nyttar nøklar og nøkkelkort til å opne dører. Vi nyttar nøkkeltal til å forstå økonomien i bedrifter. Nøkkeltala er prosenttal og forholdstal som vi nyttar til å vurdere om ei bedrift har god økonomi. Når alle nyttar dei same utrekningsmetodane, er det lettare å samanlikne nøkkeltal for ulike bedrifter.

For at nøkkeltala skal bli riktige, må bedrifter setje opp årsrekneskapen på lik måte. Alle aksjeselskap er rekneskapspliktige, og dei skal levere årsrekneskap til myndigheitene. Korleis årsrekneskapen skal setjast opp, står i rekneskapslova.

I årsrekneskapen nyttar vi ikkje bruttoforteneste som mellomutrekning. I staden reknar vi ut driftsresultatet, resultat før skattekostnad og årsresultat.

Vi deler gjerne inn nøkkeltala i tre område: rentabilitet, finansiering og likviditet.

Nøkkeltal om rentabilitet fortel oss om lønsemda til bedrifta. Vi ser her på kor stort overskotet til bedrifta er i forhold til eigenkapitalen.

Nøkkeltal om finansiering fortel oss kor sunn finansiering bedrifta har. Vi ser på korleis bedrifta har skaffa kapital, og forholdet mellom kortsiktig og langsiktig gjeld.

Nøkkeltal om likviditet fortel oss om bedrifta kan betale rekningane til rett tid.

Relatert innhald

Nøkkeltal er forholdstal som seier noko om den økonomiske situasjonen.

Årsrekneskapen

Årsrekneskap

+

Salsinntekter

Varekostnader

Lønskostnader

Avskrivingar

Andre driftskostnader

=

Driftsresultat

+

Renteinntekter

Rentekostnader

=

Resultat før skattekostnad

Skatt

=

Årsresultat

Årsrekneskapen tek alltid utgangspunkt i salsinntektene. Deretter trekkjer du frå alle driftskostnadene for å finne driftsresultatet. Driftsresultatet viser resultatet før vi tek omsyn til renter og skatt.

Vi trekkjer deretter frå rentekostnadene, og legg til renteinntektene. Rentekostnader og renteinntekter har med korleis kapitalen i bedrifta er finansiert, så dette held vi utanom drifta.

Den neste mellomutrekninga er resultatet før skattekostnader, som er grunnlaget for utrekning av skatt. Til slutt får vi det endelege årsresultatet. Vi nyttar årsresultatet når vi reknar ut rentabilitet.

Balansen

På den eine sida av balansen står eigedelane til bedrifta, og på den andre sida står det korleis bedrifta har skaffa kapitalen til eigedelane.

Eigedelane – debet

Vi deler eigedelane i balansen inn i anleggsmidlar og omløpsmidlar. Anleggsmidlar er eigedelar som bedrifta skal ha i mange år, som maskinar, bygningar og bilar. Omløpsmidlar er eigedelar som bedrifta lett kan selje eller nytte, som til dømes kapital på bankkonto, kontantar eller varelager. Regelen er at eigedelar som varer meir enn eitt år er anleggsmidlar, mens omløpsmidlar nyttar ein i løpet av eitt år.

Eigenkapital og gjeld – kredit

Eigenkapitalen i ei bedrift er verdien av eigedelane som ikkje er finansierte av gjeld. Det vil seie at ei bedrift utan gjeld har ein eigenkapital som er lik verdien av eigedelane. Eigenkapitalen finn du ved å ta verdien av eigedelane minus gjeld.

Vi deler gjeld opp i langsiktig og kortsiktig gjeld. Langsiktig gjeld er gjeld som skal betalast tilbake over meir enn eitt år. Døme på langsiktig gjeld er banklån som har fleire års tilbakebetalingstid. Kortsiktig gjeld er gjeld som skal betalast tilbake innan eitt år. Det kan vere , leverandørgjeld eller skuldige feriepengar.

Balansen ser slik ut:

Balansen

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Debet

Kredit

Anleggsmidlar

Eigenkapital

Omløpsmidlar

Langsiktig gjeld

Kortsiktig gjeld

Sum eigedelar

Sum eigenkapital og gjeld

Rentabilitet

Nøkkeltalet rentabilitet seier noko om lønsemda til bedrifta. Det viser forholdet mellom årsresultatet og eigenkapitalen. For eit aksjeselskap kan rentabiliteten påverke aksjeverdien. Når aksjeeigarar ser at ei bedrift får overskot, så blir bedrifta verd meir. Når bedrifta blir verd meir, stig ofte verdien på aksjane.

Vi reknar rentabiliteten på eigenkapitalen ved å dele årsresultatet på eigenkapitalen.

Rentabilitet=ÅrsresultatEigenkapital×100

Rentabilitetsprosenten bør vere høgare enn innskotsrenta i banken. Å plassere pengar i ei bedrift kan vere risikabelt, i motsetnad til å plassere dei i bank, som er risikofritt. Eit minimumskrav til rentabilitet blir derfor at han skal vere like høg som renta i banken, pluss eit risikotillegg. Kor stort risikotillegget bør vere, kjem an på kva slags bransje og bedrift det gjeld.

Tenk over

Kom med døme på bedrifter der du som aksjonær bør berekne eit stort risikotillegg.

Kor mykje avkasting tenkjer du at bedrifter bør ha på eigenkapitalen sin?

Finansiering

For å finne ut kor solid ei bedrift er, kan vi berekne eigenkapitalprosenten. Dette betyr at vi finn ut kor stor del av eigedelane som er finansierte med eigenkapitalen. Dette gjer vi ved å sjå på kor stor prosentdel eigenkapitalen er av totalkapitalen.

Eigenkapitalprosenten (EK%)=EigenkapitalTotalkapital×100

Jo høgare eigenkapitalprosenten er, jo meir solid er bedrifta. Aksjelova seier at eigenkapitalprosenten skal vere forsvarleg med tanke på bransje og risiko. Ein er at eigenkapitalprosenten bør vere mellom 20 og 30 prosent, men jo høgare, jo betre.

Les meir om eigenkapitalprosent

Eigenkapitalprosenten blir påverka av verdsetjinga av eigedelar. Det kan vere forskjell på kva verdi eigedelane til ei bedrift har i rekneskapen (bokført verdi) og den reelle verdien av eigedelane.

Døme: Ei bedrift kjøper eigedom som blir delvis finansiert med eigenkapital og delvis med lån (gjeld). Nokre år seinare har eigedommen auka i verdi, mens han i rekneskapen framleis står verdsett til verdien då han blei kjøpt. Sidan eigenkapitalen blir berekna som eigedelar minus gjeld, vil den reelle eigenkapitalen vere høgare enn den bokførte. Den reelle eigenkapitalprosenten vil då også vere høgare enn den ein reknar ut.

Likviditet

Nøkkeltala for likviditet bereknar vi som forholdstal, i motsetnad til nøkkeltala for rentabilitet og finansiering, som vi bereknar som prosenttal. Forholdstal får vi når samanliknar vi to tal utan å gjere det om til prosent. Vi samanliknar omløpsmidlar med kortsiktig gjeld.

Likviditetsgrad 1 (LG1)=OmløpsmidlarKortsiktig gjeld

Likviditetsgrad 1 bør vere minst 2. Det betyr at omløpsmidlane skal vere dobbelt så store som den kortsiktige gjelda.


Likviditetsgrad 2 (LG 2)=Omløpsmidlar-varelagerKortsiktig gjeld

Likviditetsgrad 2 bør vere minst 1. Det betyr at dei mest likvide omløpsmidlane, altså dei som er lettast tilgjengeleg, er like store som den kortsiktige gjelda. Då kan bedrifta nytte omløpsmidlane til å betale den kortsiktige gjelda, dersom det er nødvendig.

Kjelde

Reknskapslova. (1998). Lov om årsregnskap m.v. (LOV‑1998‑07‑17‑56). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-56/§6-1

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2021

Læringsressursar

Lønsemd