Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Barnet og gribben

Eit utmagra barn i Sudan ved sida av ein gribb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til ettertanke: Eit fotografi er eit utsnitt av røynda, fanga i ein hundredels sekund.

Oppgåver

Studer fotografiet til den sørafrikanske fotografen Kevin Carter.

  1. Kva har skjedd før dette biletet blei teke?
  2. Kva skjer etter at biletet er teke?
  3. Kva kameravinkel har fotografen vald, og kva betyr det for perspektivet i biletet?
  4. Kvifor har fotografen vald å skjere dette biletet akkurat slik?
  5. Kva er utanfor biletramma?
  6. Kva presseetiske problemstillingar reiser eit slikt bilete?

Lytt deretter til Tomm Kristiansen sitt korrespondentbrev frå 2006 der han fortel historia om barnet og gribben – og fotografen. Tomm Kristiansen var i mange år korrespondent for NRK i Afrika.

Korrespondentbrevet: Barnet og gribben

0:00
-0:00
Transkripsjon av korrespondentbrevet "Barnet og gribben"

Eg blir aldri ferdig med biletet som Kevin tok i Sudan. Det er 12 år sidan no, og du har kanskje sett det du òg. Heilt enkelt eit barn og ein fugl. Inga lyssetjing, ingen effektar. Kevin var berre til stades i den avgjerande augeblinken, som gjorde arbeidet hans til fotohistorie og Sudan for ei kort stund til ein åstad for den kollektive merksemda vår. Og dette hundredels sekundet skal vende livet hans først til topps, og så til botnars.

Det var første gongen Kevin Carter var i Sudan. Han budde i Johannesburg og var eit kjent ansikt blant fotografane i Sør-Afrikas valdsherja bydelar for svarte. Tunglasta med utstyr var han til stades, alltid i olabukser og T-skjorte – ein ung, vakker mann med gode auge og eit uimotståeleg smil. Han lekte med barna når han tok seg ein røyk, men så kom politiet eller herberge-bebuarane, zuluane eller ANC-ungdomen med spyd, økser, machetar, maskingevær, AK-47, i Vesten betre kjent som Kalasjnikov. Så var det gateslag, og Kevin balanserte den tunge bagen og det eine kameraet over skuldra, medan han skaut med det andre. Nærmare og nærmare og så tilbake. Han så seg rundt for å finne gøymestader. Det var eit desperat handverk. Vi andre kom til når lika låg i gatene eller dagen derpå. Då hadde Kevin for lengst gått i mørkerommet eller var på veg til nye tragediar. Han og dei andre fotografane blei kalla «The Bang-Bang Club». Dei tok bilete av drap medan dei ble utførte – ein mann huggar laus på ein annan som allereie ligg på bakken, kvinner som leitar etter barna sine og finn dei ikkje, ein bestefar sitt rynkete, sorgfulle ansikt, med ein bakgrunn av opprør, ein tenåring som slår hjul midt blant brennande bildekk.

På kveldstid trekte Kevin seg tilbake til sin dahja, den lokalt dyrka marihuanaen. Den roa nervane og bringa han bort frå det miserable livet sitt. Alltid dårleg råd, knapt ein bustad, frå kvinne til kvinne. Han blei i farten far til eit barn. Alle kvinner ville ha han, men han var ikkje til å leve med. Etter kvart røykte han kvit pipe – dahja blanda med mandrax – eit forbode beroligande middel som skaper ei kortvarig intens lykke med fred og innsikt, men du blir avhengig på kort tid.

Så blei Kevin sendt til borgarkrigen i Sør-Sudan. Tørke, sa rapportane, hadde skapt ein ny svoltkatastrofe. Kevin drog inn med eit småfly, og han gjekk rett til feltklinikken. Her var døyande og overlevande. Han fekk alt han trengte – ansikta, ribbeina, sorg, fortviling, eit barn som ligg med utslåtte hender på eit skitent jordgolv, som korsfesta til den dødens skjebne det er å vekse opp i Sør-Sudan. Kevin gjekk ut for å ta ein røyk. Han går innover mot bushen, her er nye motiv. Då ser han ei lita jente som har falle under byrda av seg sjølv – ein liten menneskeklump, framoverbøygd langs vegen til klinikken. Han legg seg heilt ned og finn det rette perspektivet, og så går heile rullen. Han bruker det gamle kameraet sitt, ein Leica. Medan Kevin skiftar film, landar ein åtselfugl rett bak jenta. Hjartet hoppar i brystet til Kevin – det er ikkje mogleg! Han endrar vinkelen. Jenta berre ligg. Fuglen hoppar litt rundt. Kevin ligg flat på bakken no, og slik blir han liggjande, for motivet rører seg ikkje. Jenta kan ikkje reise seg, og fuglen angrip ikkje. Her finst mange åtselfuglar omkring, mange barn også. Men på Kevins bilete er det berre dei to: åtselfuglen og jenta – heilt aleine. Ingen til å hjelpe, ingen til å trøyste. Ho er overlaten til sin eigen skjebne i Kevins biletutsnitt. Vi ser at ho har tapt. Sjølv om biletet skildrar ein hundredels sekund av livet hennar, ser vi likevel framhaldet. Vi ser kva som kjem til å skje, men det må ikkje skje! Kevin Carter lèt oss ikkje sleppe unna. Dette er ingen biletserie, det er eitt bilete, eitt einaste – ikkje noko før, ikkje noko etter. Han overlèt oss til våre eigne tankar. Kevin, jenta og åtselfuglen. Han viftar med handa, vil ha eit fullt vengespenn. Det får han ikkje fuglen med på, så han skremmer han bort. Jenta klarer til slutt å reise seg og stavrar mot overlevinga si på klinikken. Kevin set seg under eit tre, tenner ein sigarett og græt. Han lengtar til dottera si i Johannesburg. Han må ha nokon å halde rundt.

Då biletet tikka inn i fotoredaksjonen i The New York Times nokre dagar seinare, blei det stilt rundt heile fotomaskinen. Redaktørar stod og gret. Dei hadde aldri før sett eit slikt bilete, så fullt av råskap, så direkte livsfarleg. Og på same tid – Kevin Carter hadde fått med verdigheita rundt dette vesle samanfalda vesenet på bakken. Dei kunne ikkje få slått det stort nok opp. Kevin Carter kunne sidan reise til USA for å ta imot verdas høgaste aksept for ein pressefotograf: Pulitzerprisen. Då hadde ein stor debatt reist seg på fleire kontinent, og den starta same kvelden som biletet stod i avisa. Kva skjedde med jenta? Kva gjorde fotografen etterpå? Kvifor jaga han ikkje åtselfuglen i staden for å ta bilete av han? Lesarane ville vite, og Kevin svara ærleg då redaksjonen ringte han.

– Kva eg gjorde? Ingenting. Eg tok meg ein røyk.

– Ja, men jenta – døydde ho?

Det visste ikkje Kevin Carter, men han visste at klinikken var eit par hundre meter unna, og at ho gjekk dit på eigne bein og fekk mat og drikke. Nei, han hadde ikke vurdert å berge livet hennar. Han hadde aldri vurdert å adoptere ofra frå den verdas djevelskap han hadde festa til filmen, han like lite som lesarane.

Andre kritikarar med tyngre skyts hevda at det var Carter som var åtselfuglen. Han, frilansfotografen, hadde tent pengar på tragedien til jenta. Han var rett nok ein meister, men i ein kynisk bransje som veit at det er drama og katastrofe som sel. I går Johannesburg, i dag Sudan, i morgon Irak. Frå Tokyo fekk Kevin eit brev frå ei jente. Ho skreiv: Eg har vore ei sjølvoppteken jente, heilt til eg såg det biletet.

Motivet er det kjente – det stakkars svarte mennesket. Eigentleg var han på jakt etter drepne soldatar – ein annan klisjé. Førebuingane avgrensa seg til ein godt pakka koffert med myggnett og proviant. Kanskje var det ei anna historie der ute som kunne gitt eit anna bilete. Han kunne lent seg til konfliktane mellom bøndene og soldatane som krev sin del av avlinga. Han kunne sett etter kven som tok maten når geriljasoldatane hadde lossa flyet. Dei lokale helsearbeidarane som kvite legar stiller seg framfor – dei er dei eigentlege heltane i felten. Kevin lette ikkje etter dei. Han visste kva han ville ta bilete av – ein klisjé. Men han skulle vere annleis og meir dramatisk enn nokon før hadde sett. Det er jo det han lever av.

Krigssona – der nauda sine fotografar tek bileta sine, sender det beste til redaksjonen og går upåverka vidare. Eit filter, kanskje sjølve kameraet, held dei på avstand frå det dei ser. Vore der, sett det, farvel. Men ikkje Kevin. Kjenslene hans og sinnet hans var ikkje eigna for dette yrket. Han la ikkje hendingane frå seg. Jo, han gjekk frå ei jente i Sudan, men ho forfølgde han heilt heim. Kevin visste at Afrika ikkje er slik som Sudan byr seg fram denne dagen. Han elska det vakre og det varme. Kvifor tok han ikkje heller bilete av det? Eg hadde tenkt å spørje han om det når vi likevel var på jobb saman. Kvifor berre det heslige, Kevin? Eg kom aldri så langt. Kevin køyrde bilen sin ut på eit jorde i juni 1994, pressa ein grøn hageslange til eksosrøyret og førte den andre enden inn bakvinduet. Han lét motoren gå medan han høyrde på musikk, og så skreiv han, skreiv og skreiv til han døydde.

– Eg er komen til eit punkt der smerta over livet overgår gleda, til eit punkt der gleda ikkje er meir. Eg er heimsøkt av minne som ikkje blir borte, om drap og lik og sinne og smerte.

Det var det siste Kevin rakk å skrive.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Samansette tekstar