Hopp til innhald

Fagstoff

Utsnitt og biletvinklar

Val av biletutsnitt, biletvinklar og ruter er viktige visuelle verkemiddel i bilete og samansette tekstar. Her skal vi sjå på korleis dette kan gjerast i teikneseriar, men prinsippa gjeld alle bilete.
Tegneseriestripe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fire typar biletutsnitt

Vi kan skilje mellom fire typar biletutsnitt: totalbilete, halvnærbilete, nærbilete og ultranærbilete.

Totalbilete

Eit totalbilete er eit avstandsbilete som gir oversikt over personar om omgivnader.

Halvnærbilete

I eit halvnærbilete fokuserer teiknaren på ein person, ein gjenstand osv. Vi ser personen frå hovudet og omtrent ned til knea.

Nærbilete

På eit nærbilete blir heile biletflata dekt av hovudet og kroppen ned til litt av skuldrene.

Ultranærbilete

I eit ultranærbilete ser vi ein enda mindre del av ein kropp eller gjenstand enn i eit nærbilete, til dømes berre auga til ein person.

Utsnitt, biletvinklar og ruter i teikneseriar

Ein teikneserie er ei historie fortalt i bilete. Med biletutsnitt meiner vi den delen av teikneserieverda som vi ser i biletruta.

Eksempelbileta nedanfor er henta frå teikneserien Thorgal, der handlinga er lagt til vikingtida. Thorgal er ein historisk serie som låner trekk frå fantasy-sjangeren.

Utsnitt frå teikenserien Thorgal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Les biletkommentaren

Bilete 1

Dette er eit avstandsbilete. Her er vi vitne til ein dramatisk situasjon: Ein mann med øks står framfor ein vill og galen ulv. Vi er tilskodarar som kikkar over skuldrene til mannen.

Korleis skal teiknaren på ein mest mogleg dramatisk måte framstille det som no kan skje? Korleis kan han få fram konfrontasjonen mellom mann og ulv?

Bilete 2

Vi går rett inn i eit ultranærbilete av ulveauga. Dette kjem som eit visuelt sjokk sidan vi blir førte rett frå eit avstandsbilete til eit ultranært utsnitt.

Bilete 3

Vi ser her eit ultranærbilete av auga til mannen. Det er redsel og frykt som pregar blikket hans. Han er livande redd for det som no kan komme til å skje. Bileta to og tre er reaksjonsbilete som blir sette saman til to like biletelement. Dette er ein teknikk som ofte blir brukt i spelefilm.

Tre biletvinklar

Når vi teiknar, målar eller fotograferer eit bilete, kan vi avbilde motivet frå ulike ståstader eller vinklar.

  • Overvinkling eller fugleperspektiv kallar vi det når vi teiknar motivet sett ovanfrå.
  • Viser vi motivet sett frå normalhøgd, seier vi at vi bruker normalvinkel eller normalperspektiv.
  • Eit tredje alternativ er å avbilde motivet frå låg vinkel og oppover. Da snakkar vi om undervinkling (såkalla froskeperspektiv).

Eksempel

I eksempelbileta nedanfor har teiknaren valt undervinkling i det første biletet, og normalvinkling i det andre.

To teikneserieruter som viser froskeperspektiv og normalperspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undervinklinga plasserer lesaren pa den staden der mannen som har blitt kasta ut av baren, snart vil få eit ublidt møte med bakken. Vi får det som skjer tett innpå oss og skjønner at fallet vil gjere vondt.

I bilete nummer to får lesaren rolla som bargjest som kikkar ut av døra og ser etter to gjester som har forlate baren

.

Breiddeformat og høgdeformat

  • Breiddeformat (liggjande format) bruker ein først og fremst når mykje skal visast i rutene. Det eignar seg godt for å vise landskap, miljø og større folkemengder.
  • Høgdeformat (ståande format) gir større fortetting i biletet. Det er gjerne konsentrert om éin eller få personar.
Side frå teikneserien Captain America med tre ruter i høgdeformat og eit i breiddeformat. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre format

  • Ein kan bruke andre format for å forsterke innhaldet, slik som i stripa med Batman nedanfor. Ruteforma tilpassar seg handlinga.
  • I dette tilfellet består ruta av tre bilete som viser eit fall og ein redningsaksjon i lufta. Bileta skal gjere det tydeleg at alt skjer i rasande fart og på veg ned mot bakken.
  • Både skrålinjene som deler opp biletflata, og leseretninga – bileta skal lesast ovanfrå og ned – forsterkar opplevinga vår av fallet.
Side frå teikneserien Batman/Deadman der tre ruter er skrå. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire ruter på kvarandre

  • Rutene treng ikkje stå ved sida av kvarandre. Av og til blir historia fortald ved hjelp av ruter som ligg oppå andre bilete.
  • Nedanfor ser du ei teikneserieside frå serien Miracleman. Her startar teiknaren med eit stort bilete av ei kjempe som står framfor Miracleman. Deretter fokuserer teiknaren på Miracleman. Han får eigne ruter, og rutestorleiken aukar i takt med dramatikken.
Side frå teikeserien Miracleman der små ruter ligg inni store ruter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Veksling mellom format og storleikar

  • I ein actionserie er det viktig å veksle mellom ulike ruteformat, og gjerne bruke dei små rutene til å beskrive detaljar og handlingsgang i korte klipp.
  • Ein viss variasjon er nødvendig uansett for å unngå at sidene blir oppfatta som einsformige og kjedelege.
Side frå teikneserien Batman der alle ruter har ulik storleik. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Samansette tekstar