Hopp til innhald

Fagstoff

Filmordliste

Ei alfabetisk oversikt over og forklaring på dei viktigaste fagspråkuttrykka innan sjangeren spelefilm.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antagonist

I ei forteljing er det ofte motsetningar mellom "den gode" helten og "den vonde" mostandaren. Motstandaren blir kalla ein antagonist, mens helten blir kalla protagonist. Konflikten mellom antagonisten og protagonisten er det som gir forteljinga framdrift. Vi finn denne typen konflikt og motsetningar både i forteljingar, i drama og på film.

Bakgrunn

Bakgrunnen er den delen av biletet som ligg "fjernast" frå fotografen eller betraktaren.

Biletutsnitt

Eit biletutsnitt kan vere alt frå eit ultratotalt bilete der vi knapt skimtar menneske, til eit ultranært bilete som berre viser ein del av kroppen på eit menneske eller ein del av ein gjenstand. I eit totalbilete ser vi heile mennesket og noko av miljøet omkring.

Dialog

Ein dialog er (stemmene til) personar som samtalar.

Diegetisk lyd

Diegetisk lyd er alle lydar som er ein naturleg del av filmuniverset. Vi skil mellom lydkjelder som er synlege i biletet (on-screen) og lydkjelder som ikkje er synlege i biletutsnittet (off-screen).

Effektlyd

Effektlyd er lyd som kjem i tillegg til dialog og musikk. Effektlydar blir brukte for å fokusere på ein gjenstand, ei handling eller hending. Effektlydar kan òg brukast for å skape attkjenning og byggje opp mot dramatiske høgdepunkt.

Filmmusikk

Dette er musikk som blir brukt som ein integrert del av filmspråket. Slik musikk blir brukt som stemningsskapar og for å understreke hendingar i handlinga. Stader, gjenstandar og karakterar kan òg få eigne musikalske tema.

Forgrunn

Forgrunnen er det som ligg fremst i biletet, nærast fotografen eller betraktaren. Sjå òg mellomgrunn, bakgrunn.

Forteljing

Forteljinga blir sett saman av element frå historia, men treng ikkje å innehalde alt det som skjer i historia. I forteljinga kan òg rekkjefølgja på hendingane stokkast om.

Halvtotalt bilete

Bilete med eitt eller fleire menneske, der det meste av omgivnadene er kutta bort. Vi ser personen/personane frå litt over knea og opp, med litt "luft" over hovudet. Utsnittet er nært nok til at vi kan sjå kroppsspråket og bevegelsane til karakterane.

Halvnært bilete

Biletutsnittet er kutta slik at vi ser ein person frå hovud til hofte, men slik at hendene er synlege.

Handling

Med handling eller handlingsplott i ei forteljing meiner vi den logiske samanhengen mellom dei enkelte hendingane som blir skildra. Kvar hending har følgjer for det som skjer sidan.

Historie

Ei historie er ein serie hendingar som følgjer kvarandre kronologisk, altså i den rekkjefølgja som dei faktisk har hendt (dersom forteljinga basert på historia er ein dokumentar), eller slik det blir føresett å ha hendt (i tilfelle forteljinga er fiksjon).

Jump-cut

Jump-cut er ei form for redigering der ein fjernar delar av ein scene, utan å prøve å skjule dette med eit kontinuitetsklipp eller ei overtoning. Det skal vere heilt tydeleg at noko har blitt klipt vekk.

Ikkje-diegetisk lyd

Ikkje-diegetisk lyd er lyd som ikkje høyrer naturleg heime i det miljøet som ein scene beskriv.

Innstilling

Innstilling eller kamerainnstilling blir det kalla kvar einaste gong kamera blir stilt i ein ny posisjon. Ein scene består vanlegvis av fleire innstillingar med ulike biletutsnitt.

Karakter

Med karakter er meint ein fiktiv person i filmen. Ordet skodespelar blir brukt om den verkelege personen som framstiller karakteren.

Kontentum

Kontentum er nemninga på atmosfærelyd − den lyden som naturleg høyrer heime i det miljøet vi får sjå på biletet. Mange filmar blir tekne opp under svært godt kontrollerte forhold, til dømes i studio, der det ikkje finst nokon naturlege atmosfærelydar. Desse lydane blir då ofte tekne opp ein annan stad eller etter sjølve innspelinga, og sidan lagt til.

Kontinuitetsklipp

Ser vi bort frå somme typar montasje, er kontinuitetsklipp den vanlegaste forma for klipping. Formålet er å gjere klippet så "usynleg" som mogleg.

Kontinuitetsklipping følgjer gjerne desse reglane: Det skal for det første vere ei veksling mellom ulike typar biletutsnitt når ein skildrar ei samanhengande scene.

Regissøren kan velje mellom ulike typar klipp. Éi moglegheit er klipp på blikkpunkt: Personar eller gjenstandar som fangar blikket, blir plasserte på same stad i biletruta i biletet før og i biletet etter sjølve klippet.

Det er òg vanleg med klipp i bevegelsar. Då blir klippet lagt midt i ein bevegelse (anten ein kamerabevegelse eller ein bevegelse i biletet).

Klipp i overgangar er ei tredje moglegheit. Eit døme på dette er at klippet blir gjennomført når ein person går ut av ei dør og inn gjennom ei anna.

Manus

Omgrepet manus blir brukt om teksten til ein film eller eit skodespel. Manuset innheld dialogar, monologar, og dessutan enkle scenetilvisingar og personkarakteristikkar.

Mellomgrunn

Mellomgrunnen er den delen av biletet som ligg "midt mellom" forgrunnen og bakgrunnen.

Monolog

Monolog betyr einetale og er dermed det motsette av dialog. I film blir det ofte brukt voice-over for å formidle monologar.

Montasje

Montasje er eit anna ord for klipping. Klippinga påverkar måten vi oppfattar bilete og scenar på. Det var særleg ein del russiske filmskaparar på 1920-talet som utforska dei moglegheitene klippinga gav. Klipping kunne ikkje berre vere "saumlaus" og usynleg, ho kunne følgje heilt andre reglar. Klippinga kunne til dømes få bilete til å stå i kontrast til kvarandre og "kollidere" med kvarandre, eller klippinga kunne følgje takten i musikken.

Nærbilete

Eit nærbilete gir oss eit biletutsnitt som viser personen frå hovud til skulder. Det er ikkje noko "luft" over hovudet.

Overtoning

Overtoning er eit alternativ til det reine klippet. Bileta frå ein scene blir her tona langsamt over i bileta til den følgjande scenen.

Parodi

Ein parodi er ei etterlikning der den som parodierer, har til hensikt å latterleggjere originalen. Revy-skodespelarar, standup-komikarar og karikaturteiknarar er døme på folk som gjerne er flinke til å parodiere andre.

Plott

Sjå handling.

Protagonist

I det klassiske greske dramaet var protagonisten den karakteren som hadde hovudrolla i forteljinga. Protagonisten er helten i historia. Motstandaren hans eller hennar blir kalla antagonisten. Konflikten mellom antagonisten og protagonisten er ofte det som gir forteljinga framdrift. Vi finn denne typen konflikt og motsetningar både i forteljingar, i drama og på film.

Real-lyd

Reallyd er ein tilsynelatande naturleg lyd som høyrer naturleg heime i det miljøet som scenen viser. Reallyd blir ofte spelt inn på opptaksstaden, men kan òg leggjast på seinare.

Regissør

Regissøren er den som isceneset eit dramatisk verk, anten det er ein spelefilm, eit teaterstykke eller eit høyrespel. Regissøren jobbar vanlegvis ut frå eit manus, og han eller ho bestemmer korleis scenane av filmen skal spelast og attgivast.

Scene

Ein scene er ein serie hendingar som er naturleg knytte saman. I ein film kan ein scene vere ganske lang, han består vanlegvis av ei rekkje innstillingar.

Statist

Ein statist er ein person som berre opptrer i bakgrunnen i ein film. Ei typisk statistrolle er ein meir eller mindre "taus" rolle.

Totalbilete

Eit totalbilete viser heile mennesket frå topp til tå. Samtidig har personane litt "luft" over hovudet.

Ultranært bilete

I eit ultranært bilete fyller delar av eit ansikt eller deler av eit objekt heile biletruta.

Ultratotalt bilete

Eit ultratotalt bilete er eit stort oversiktsbilete der ingen detaljar dominerer. Det kan til dømes vere eit oversiktsbilete over ein by eller ein idrettsarena. Enkeltpersonar kan knapt sjåast i biletet.

Uttrykk

Uttrykket (eller "diskursen") er den faktiske filmen vi ser. Han har fått ei bestemd form fordi regissøren har bestemt det slik.

Voice-over

Voice-over er ei stemme som blir lagt oppå resten av lyden, men der vi oftast ikkje ser den som snakkar. Ei kommentarstemme blir gjerne lagd på som voice-over, men effekten kan òg brukast for å attgi det ein person tenkjer (indre monolog).

CC BY-NC-SASkrive av Jon Hoem.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2019

Læringsressursar

Samansette tekstar