Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikneseriane sine superheltar

I klassiske teikneseriar møter vi superskurkar som er ute etter å øydeleggje verda, og superheltar som vil stoppe dei. Men med tida har det også dukka opp heilt andre superheltar. Ein av dei er The Urban Legend, som har teke opp kampen mot koronaviruset.
Mørkhudet mann i blå strikkejakke med hette, I bakgrunnen en tegning av en superhelt i trikot med flagrende flette. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Supermann og Fantomet er representantar for dei klassiske superheltane. Etter kvart har det oppstått mange ulike typar superheltar. Heltane i X-Men er til dømes mislikte mutantar, og i Watchmen er teikneserieuniverset fylt av skadeskotne og mislykka heltetypar.

I 2012 dukka det opp ein ny, norsk-eritreisk superhelt. Læraren Malcolm Tzegai Madiba kjempar mot kriminalitet og korrupsjon i den fiktive storbyen Capital City – utkledd som superhelten The Urban Legend. Superhelten tok også opp kampen mot koronaviruset under covid-19-pandemien.

Oppgåver

  1. Utforsk Batman i læringsressursen "Huset".

  2. Nokre medieforskarar hevdar at dei tradisjonelle superheltane er reaksjonære og konservative. Korleis trur du forskarane grunngir dette standpunktet?

  3. Les artikkelen "Superhelt i norsk tegneserie tar opp kampen mot koronaviruset" på Utrop.
    Kva effekt trur du slike teikneseriar kan ha i kampen mot ein pandemi?

  4. Les artikkelen "De nye superheltene" på NRK.

    Korleis speglar superheltane og frå den kulturen og tidsepoken dei er blitt til i?

    I kva grad er slike framstillingar med på å sementere (halde ved lag) fortida sine normer og verdiar?

    I kva grad kan ein superhelt endre måten folk tenkjer på?

  5. Kva kvalitetar meiner du ein superhelt bør ha?

Relatert innhald

Teikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie.

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Mediesentret ved Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022

Læringsressursar

Samansette tekstar