Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn bobler og effektlydar i to teikneseriar

Det er stor forskjell på korleis teiknarane bruker boblespråk og lydeffektar i ein actionserie og i ei vanleg humorstripe. I denne oppgåva skal du beskrive og samanlikne bruken av bobler og andre lydeffektar i to teikneseriar.

Del 1: Miracleman

Studér sida frå serieheftet Miracleman.

  • Kva for verkemiddel bruker teiknaren for å få fram dialogen og lydsida i scena?
  • Korleis ser vi kven som snakkar slik at vi skjønner rekkjefølgja i dialogen?
  • Korleis blir ulik lydstyrke uttrykt?
Miracleman tegneserie side. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Pondus

Sjå på Pondusstripa.

  • Korleis er boblene teikna her, om du samanliknar med Miracleman?
  • Korleis formidlar teiknaren stemmebruken til personane?
  • Kor har teiknaren brukt lydmålande ord?
  • Korleis passar bobletekst og lydeffektar til handlinga i dei to seriane?
Pondus-stripe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Teikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie.

Teikneseriar kan framstille lydar visuelt. Dialogar blir gjerne vist i form av bobler. Effektlydar blir gjerne inn som eigne grafiske element i biletet.

CC BY-NC-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2018

Læringsressursar

Samansette tekstar