(f. 1953) er ein av dei førande unge kvinnelege forfattarane som slo gjennom på byrjinga av 80-talet, som var ein periode med frislepp av tankar og skrivemåtar etter kulturrevolusjonen.
Ho blei særleg kjend for ein antologi av såkalla munnlege eigenforteljingar av hundre kinesarar, som blei gitt ut i 1986, Běijīngrén. 100 pǔtōng de rén de zìshù 北京人。100 个普通人的自述 – Beijingmenneske. Munnlege eigenforteljingar frå hundre alminnelege personar. – Denne måten å skrive på var inspirert av den amerikanske forfattaren Studs Terkel si omfattande verksemd med «oral literature» – munnleg litteratur – og skapte furore i Kina på grunn av det ærlege og oppriktige språket.
Ho slo seg ned i USA, men heldt fram med å skrive både romanar, noveller, dikt og meir faglitterært prega verk. Ho har òg vore innom film og TV.
Den siste romanen hennar, Wǒ 我 – Eg – kom ut i 2011 og er ein mangearta refleksjon over hennar eiga livsreise.
Zhāng Xīnxīn 张辛欣 (1953–) og Sāng Yè 桑晔 (1955–), starten av historia Sìshífēnzhōng de yè 四十分钟的夜 – Førti minutter av kveldsskiftet – omsett av Brit Sæthre. Fra Běijīngrén. 100 ge pǔtōng de rén de zìshù 北京人。100个普通人的自述 – Beijingmenneske. Munnlege eigenforteljingar frå hundre alminnelege personar. – Shànghǎi wényì chūbǎnshè 上海文艺出版社, 1986. Norsk tittel: Harald Bøckman, red.: Arvingene. Hverdag etter Mao, Aschehoug, 1988, s. 309–312 – munnleg historie.
我上车一年多了, 母亲过去也是售票员,一九五八年“大跃进”时参加工作的;她五十岁退休,我就来顶班。
现在汽车公司基本不向社会招工人, 解决子女就业问题呗。我父亲原先是公共汽车司机,老北京人。
Kinesisk tradisjonell
我上車一年多了, 母親過去也是售票員,一九五八年“大躍進”時參加工作的;她五十歲退休,我就來頂班。
現在汽車公司基本不向社會招工人, 解決子女就業問題唄。我父親原先是公共汽車司機,老北京人。