Hopp til innhald

Fagstoff

Kinas litteraturhistorie – ei oversikt

Kina har ikkje verdas eldste skriftkultur, men som ein samanhengande tradisjon er han overlegen. Slikt blir det ein rikhaldig litteratur av.
Kinesisk mann lærer studenter og skrive kinesiske tegn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men det har vore krevjande å gi ut litteratur med så mange forskjellige skriftteikn på tradisjonelt vis. Då har dagens unge litteraturspirer det enklare, både arbeidsmessig og når det gjeld å få gitt ut det dei har på hjartet. Dei legg det direkte ut på nettet.

Dei eldste innskriftene av kinesisk vi har, er rituelle innskrifter på skilpaddeskal eller skulderbein av storfe, dei såkalla orakelbeininnskriftene. Dei stammar frå ca. 1200 fvt. Nesten like gamle er innskrifter støypte på rituelle bronsekar. Dei eldste av desse innskriftene er like korthogde som våre runeinnskrifter, men etter kvart fekk vi òg lengre innskrifter på bronsekara som fortel ei historie.

Litterær verksemd frå ca. 1000 fvt.

Mens orakelbeininnskrifter og bronseinnskrifter har blitt gravne ut arkeologisk og slik sett er førstehandskjelder, har Kina ein nesten like gammal tradisjon med litteratur som har blitt nedarva gjennom tidene. Det dreier seg først og fremst om dei eldste delane av skriftsamlingane Shū jīng 书经 – Skriftene – som er forskjellige proklamasjonar og utsegner, og Shī jīng 诗经 – Boka for songane – som er poesi.

I hundreåra som følgde, det vil seie frå om lag 600 fvt., blei det skrive mykje om statskunst, filosofi og historie, og vi begynner òg å få tekstar som vi kan kalle «forteljingar». Fremst blant desse er ei samling kalla Zhànguó cè 战国策 – Strategiane til Dei stridande statane – som er ei samling frå starten av vår tidsrekning, og som gir levande skildringar av heltar og skurkar under perioden med Dei stridande statane (475–221 fvt.).

Side frå ei utgåve av Shujing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fra «småsnakk» …

Rundt starten av vår tidsrekning høyrer vi òg om ein sjanger som blir kalla «småsnakk», xiǎoshuō 小说. Det var korte forteljingar, ofte med eit historisk tilsnitt eller ein poengtert snert. Omtrent samtidig blei papiret funne opp i Kina, noko som gjorde det billigare og enklare å masseprodusere skriftleg materiale. Spesielt buddhismen, som kom til Kina rundt starten av vår tidsrekning, utnytta denne nyvinninga til å spreie bodskapen sin i hundreåra som følgde.

Då trykkekunsten blei funnen opp, truleg i det åttande hundreåret, blei det ein ny og effektiv måte å spreie litteratur i forskjellige former på. Etter kvart utvikla det seg forskjellige litterære sjangrar, alt frå forteljingar om det overnaturlege til krimlitteratur. Klassisk kinesisk krimlitteratur, som er verdas eldste, startar ved først å fortelje om kva som skjedde, og kven skurken er, og deretter blir det nøsta opp og forklart korleis alt hang saman. Moderne vestleg krim har med andre ord snudd den opphavlege forteljarmåten på hovudet!

Kinesiske trykkere lager kopier av kjente verk med blekk og papir. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

... til romanar

De korte forteljingane, xiǎoshuō 小说, blei seinare til lengre historier av forskjellig slag. Slike historier blei ofte framsagde munnleg av forteljarar, som etter kvart bygde dei ut til lengre forteljingar. Slik oppstod den klassiske kinesiske romanen. Dei eldste av desse skriv seg frå 1300-talet. Dei tradisjonelle kinesiske romanane er svært lange, gjerne 3–4 bind i vestlege omsetjingar.

Eit anna interessant fenomen er at sidan dei oppstod frå forteljarkunsten, er dei òg ei rik kjelde til informasjon om korleis det munnlege kinesiske språket var for fleire hundre år sidan. Det var ei lang utvikling frå Han-tida sitt «småsnakk», men denne nemninga, xiǎoshuō 小说, blei òg nemninga på dei meir modne formene for skjønnlitteratur som vaks fram. Denne litteraturen hadde derimot ganske låg status blant den kinesiske eliten. Dei søkte seg heller til poesien.

Poesi hadde høg status

Frå Shī jīng 诗经 – Boka for songane – kan vi trekkje ei rik, om enn brokete linje gjennom den kinesiske poesihistoria. Om skjønnlitteraturen hadde låg status, hadde poesien tilsvarande høg status. Skjønnlitteratur kunne komponerast «berre» ved å la tankane og penselen vandre, mens poesi kravde kunnskap, danning og ettertanke. Derfor blei poesien det føretrekte uttrykksmiddelet til den kinesiske eliten.

Den klassiske poesien nådde eit formmessig og uttrykksmessig høgdepunkt under Tang-dynastiet (618–907), men det har vore produsert poesi av høg kvalitet til alle tider. Dei aller fleste kjende poetane er menn (og embetsmenn), men det finst fleire kvinner som skreiv poesi av høg kvalitet enn det historia fortel oss.

Li Bai, en kjent kinesisk dikter sitter ute og drikker te. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei klassiske verseformene heldt seg heilt opp til vår eiga tid. Ein del av dei gamle leiarane av kommunistpartiet, med Mao Zedong i spissen, komponerte poesi på den tradisjonelle måten. Den moderne, vestleginspirerte måten å skrive poesi på, det vil seie med friare former, begynte å gjere seg gjeldande i Kina på 1920-talet. I dag blir det skrive poesi som aldri før, men han har mista mykje av den tradisjonelle statusen han hadde.

Litterær revolusjon

I tiåret 1915–1925 skjedde det ein litterær revolusjon i Kina. Han gjekk ut på at ein i stor grad slutta å bruke det klassiske skriftspråket, som var rikt, men svært gammaldags, og gjekk over til å skrive på ein måte som låg tettare opp til talespråket.

Det første skjønnlitterære stykket som blei skrive på talespråk, var novella Kuángrén rìjì 狂人日记 – Ein gal mann si dagbok – av Lǔ Xùn 鲁迅, den mest tonesetjande kinesiske forfattaren i løpet av den første halvdelen av 1900-talet. I og med at forfattarane vraka det gamle klassiske skrivespråket og begynte å skrive på talespråk, blei resultatet at skjønnlitteraturen etter kvart fekk høgare status.

Revolusjonær litteratur

Då kommunistane tok over makta i Kina i 1949, innførte dei eit strengt regime for skrivande menneske. Ein måtte pent skrive såkalla sosialrealistisk litteratur, det vil seie litteratur som meir eller mindre reflekterte den rådande politikken i tida. Først etter Mao-tida, det vil seie rundt 1980, fekk forfattarar større fridom til å skrive både poesi og skjønnlitteratur etter eige hovud. Det inneber ikkje at dagens kinesiske forfattarar kan skrive det dei vil, og forvente å få det gitt ut, men det er større spelerom for forskjellige uttrykksmåtar enn det nokon gong har vore i Kinas moderne historie.

Relatert innhald

Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2018

Læringsressursar

Litteratur i Kina