Hopp til innhald

Fagstoff

Chun Sue

Chun Sue (Chūn Shù) 春树
Chun Sue. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

(f. 1983) frå Beijing skapte furore då ho i 2002 gav ut boka Beǐjīng wáwa 北京娃娃Beijing baby – som ho skreiv i ein alder av 18 år.

Ho droppa ut av skulen som 17-åring, noko ein helst ikkje gjer i eit land der utdanning blir teke svært seriøst. Men det var ungdomsopprøret hennar, og Beijing baby kan lesast som ei dagbok skriven av ei desillusjonert og noko utslått ung jente.

Boka blei straks ein suksess og trefte openbert mange unge heime. Ho var ein del av ei bølgje av liknande ungdomsskildringar frå unge kvinnelege forfattarar som Mián Mián 棉棉 og Wèi Huì 卫慧, som representerer ein tendens som har blitt kalla «beauty-baby-forfattarar». Det gjorde ikkje ryktet til Chun Sue mindre interessant i utlandet. I 2004 figurerte ho på framsida av Asia-utgåva av Time Magazine.

Chun Sue har etter kvart utvikla ei mangearta verksemd. Ho skriv mellom anna poesi og har òg vore innom filmbransjen.


Chun Sue (Chūn Shù) 春树 (1983–). Frå Beǐjīng wáwa 北京娃娃. Norsk utgåve Beijing baby, Cappelen 1994, omsett av Brit Sæthre. Roman.

北京娃娃

Frå første sida av teksten (一些简单的介绍和一些爱), upaginert:

我的名字。我叫林嘉芙。还有一个名字叫春树。林嘉芙是我的学名,顾名思义,是我在学校用的名字。后来我给自己起了一个名字叫春树。我的许多朋友都叫我这个名字, 每当听到这个名字时我总会很高兴。我喜欢这个名字。 你会发现的。 这就是我的名字。

Kinesisk tradisjonell

北京娃娃

Frå første sida av teksten (一些簡單的介紹和一些愛), upaginert:

我的名字。我叫林嘉芙。還有一個名字叫春樹。林嘉芙是我的學名,顧名思義,是我在學校用的名字。后來我給自己起了一個名字叫春樹。我的許多朋友都叫我這個名字, 每當聽到這個名字時我總會很高興。我喜歡這個名字。 你會發現的。 這就是我的名字。

Beijing baby

0:00
-0:00

Relatert innhald

Forfattarprofil av den kinesiske poeten Xī Chuān.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman. Rettshavar: Harald Bøckman
Sist fagleg oppdatert 04.07.2018

Læringsressursar

Litteratur i Kina