Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ergonomi og helse

Kva er samanhengen mellom ergonomi og helse? Ergonomi handlar ikkje berre om tilrettelegging av fysiske forhold og hjelpemiddel på arbeidsplassen, men òg om arbeidsmiljø, organisering av arbeidet og individuelle tilpassingar.
To helsefagarbeidarar står på kvar si side av ein sengeliggande pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal de jobbe saman i grupper og ta for dykk eitt eller fleire av dei elleve yrka innan helse- og oppvekstfag.

Ergonomi i arbeidet

  1. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein fagarbeidar i dette yrket?

  2. Kva arbeidsoppgåver medfører risiko for belastningslidingar?

  3. Kva for nokre fysiske tilpassingar kan gjerast for å redusere risikoen for belastningslidingar?

  4. Kva hjelpemiddel kan nyttast for å redusere den fysiske belastninga?

Arbeidsmiljø

  1. Finn døme på korleis oppgåvefordeling og individuelle tilpassingar kan førebygge belastningslidingar i dette yrket.

  2. Korleis kan arbeidsmiljøet påverke helsa, både positivt og negativt? Drøft i gruppa.

  3. Kva kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø? Bruk nokre minutt til å notere stikkord individuelt før de diskuterer.

  4. Bruk stikkorda de noterte i oppgåve 3, til å lage ein plakat med tips for eit godt arbeidsmiljø som kan henge i klasserommet.

  5. Korleis er samanhengen mellom eit godt arbeidsmiljø og eit godt klassemiljø? Diskuter i gruppa og i klassen.

Film om ergonomi

  1. Lag ein instruksjonsvideo der de demonstrerer gode arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar mens de gjennomfører oppgåvene som de fann i den første oppgåva.

  2. Kvar gruppe viser filmen sin i klassen. Etterpå kan de øve på teknikkane som vart viste, mens gruppa som har laga filmen, rettleier.

Relatert innhald

Arbeidsmiljøet er dei omgivnadene du arbeider i. Med arbeidsmiljø meiner vi både det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Ergonomi