Hopp til innhald

Fagstoff

Skadeførebyggjande øvingar for beina

Skadeførebyggjande øvingar kan bidra til ein sterkare kropp, med sterkare musklar, sener og ledd. Her finn du skadeførebyggjande øvingar for beina.

Desse øvingane rettar seg mot strukturar i og delar av kroppen som ofte er skadeutsette. Hamstringmuskulaturen, musklar i lysken, setemuskulaturen og fot og legg er område i beina som er meir utsette enn andre område.

Øvingane styrkjer musklar, sener og ledd. Derfor kan dei førebyggje akutte skadar som strekk og belastningsskadar. Belastningsskadar er til dømes overbelastning, betennelsar og avrivingar i musklar og sener. Betennelsar skjer som oftast i overgangen mellom musklar og sener og mellom sener og knoklar.

Nordic hamstring

Eittbeins knebøy

Glidande sideutfall

Copenhagen adductor

Eittbeins bekkenhev

Tåhev

Omvend tåhev

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021

Læringsressursar

Ergonomi