Hopp til innhald

Fagstoff

Ergonomi og belastning

Ergonomi er læra om korleis vi på best mogleg måte kan tilpasse arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet til mennesket. Dårlege ergonomiske tilhøve er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukdom og fråvær.
Eit skjelett lyfter ein boks. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom vi utset kroppen vår for langvarig og einsidig belastning, kan vi få belastningslidingar. Belastningslidingar er ein tilstand der ein har varige smerter i bevegelsesapparatet. Årsaka kan vere at arbeidet er for tungt, for einsformig, går føre seg i uheldige arbeidsstillingar eller varer for lenge.

Dette kan du gjere for å førebyggje belastningslidingar:

  • Unngå tungt arbeid, einsformig gjentakingsarbeid og uheldige arbeidsstillingar.
  • Bruk hjelpemiddel til tunge løft.
  • Få hjelp av andre.
  • Variér arbeidet, unngå einsformig arbeid og tidspress.
  • Utstyr skal kunne regulerast slik at det kan tilpassast kvar einskild brukar.
  • Hensiktsmessige hjelpemiddel skal vere tilgjengelege ved behov, det skal vere rutinar for at hjelpemiddel skal brukast, og det skal vere plass til å bruke dei effektivt.

Arbeidsplassen

Arbeidsplassen skal vere tilpassa slik at alle arbeidstakarane skal kunne ha naturlege og hensiktsmessige arbeidsstillingar og -bevegelsar. Alle menneske er ulike, og det er viktig å lytte til signala frå kroppen og ta omsyn til desse. Det enklaste og beste tiltaket er å førebyggje.

Bruk forflytting

Når du forflytter, tek du utgangspunkt i dei fysiske lovene i naturen og dei naturlege bevegelsesmønstra i kroppen. Av dei fysiske lovene er det spesielt tyngdekrafta du må ta omsyn til. Tyngdekrafta er den krafta som fører til at det blir friksjon mellom ein person og underlaget, og som til dømes kan føre til at det er vanskeleg å flytte ein person innover i stolen.

Ved forflytting kan du

  • redusere friksjonen, til dømes ved å bruke silkelaken, dreieplate og glidematte
  • bruke skråplan, til dømes bruke dei tekniske løysingane på ei seng, eller bruke hjul
  • bruke tekniske hjelpemiddel ved behov

Det er dessutan viktig at pasienten deltek aktivt ved forflyttinga.

Tunge lyft

I utgangspunktet bør du unngå tunge lyft. I ståande stilling er eit lyft på 25 kg forsvarleg for dei fleste.

For å unngå feil belastning er det viktig

  • å ha gjenstanden rett framfor og nær kroppen
  • å ha ei stabil løftestilling, stå med beina godt frå kvarandre og setje den eine foten framfor den andre
  • å ha bøygde kne – krafta er størst ved bøygde kne med opp til 90° vinkel
  • å halde ryggen rett og unngå bøygde og vridde stillingar
  • å ha eit solid grep om gjenstanden
  • å halde ryggen rett og ha gjenstanden nær kroppen når ein skal setje han ned igjen

Relatert innhald

For å ta vare på helsa til deg sjølv og andre er det viktig at du følgjer ergonomiske prinsipp og nyttar hjelpemiddel i arbeidet ditt.

CC BY-SASkrive av Ingvild Skjetne, Agnes Brønstad, Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Ergonomi