Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein nettstad om fritidsaktivitetar i kommunen

De skal lage ein nettstad ved hjelp av WordPress eller eit tilsvarande program for nettpublisering. Planlegg og publiser ein nettstad med informasjon til barn og ungdom om fritidsaktivitetar i kommunen.
Ei gruppe ungdommar står tett saman på rekkje og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I arbeidet med dette arbeidsoppdraget skal de fokusere på å utvikle bodskap, samle informasjon og publisere ei nettside om fritidsaktivitetar i kommunen de bur i.

Undervegs skal de samarbeide og reflektere over kva de må avklare, og kva val de må gjere for å

  • treffe målgruppa
  • kome gjennom med føremålet for bodskapen
  • forstå sjangeren og bruke gode verkemiddel og retoriske grep
  • kunne tekniske funksjonar i nettpubliseringstenesta de skal bruke
  • ta riktige omsyn til rettar for publisering

Research

Finn ut kva fritidsaktivitetar som finst for aldersgruppa 14–18 år i heimkommunen dykkar. Kva skjer? Kvar og når? For kven passar det? Skaff til vegar biletmateriale. Ta eigne bilete, eller bruk bilete de har rettar til å bruke.

Arbeidsprosess

De skal produsere og levere

  1. eit strukturkart over nettsida, som viser korleis det er tenkt at målgruppa skal finne informasjon
  2. skisser over design og innhaldet på framsida og minst to av undersidene
  3. eit par døme på korleis de ser for dykk at ulike brukarar vil kome til å navigere på nettstaden
  4. eit skriv eller ein presentasjon der de gjere greie for kva val de har teke og kvifor med omsyn til design, bodskap, føremål og målgruppe

Kommunen ønskjer at bileta skal vere fine og motivere potensielle søkjarar til å melde seg på. Tekstane skal vere korte og lette å lese.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2020

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett