Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk kategorinivå i URL-adresse

Ei URL-adresse er bygd opp av ulike delar fra venstre. Viss du tek bort delar av adressa, vil du finne ulik type informasjon for kvart element du fjernar.
Url. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ein kjem frå ein søkjemotor, kan ein hamne langt inni ein nettstad. Sjå for deg at du har komme til denne sida:

Gå til nettsida. Ta bort bit for bit av URL-adressa bakfrå og sjå kva innhald du får:

  • https://nrkbeta.no/2016/02/25/nrkbeta-far-splitter-nye-nettsider/
  • https://nrkbeta.no/2016/02/25/
  • https://nrkbeta.no/2016/02/
  • https://nrkbeta.no/2016/
  • https://nrkbeta.no/

DRØFT: Kva type informasjon får du ved å gå oppover i URL-strukturen? På kva måte kan dette vere nyttig?

CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett