Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis kan du analysere ein nettstad?

Analysen av ein nettstad er eit systematisk arbeid for å avdekkje korleis innhald, design, struktur og navigasjon utgjer kommunikasjonen til og føremålet for nettstaden.
Kvinne som tenkjer. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor skal du analysere nettstader?

Det finst god kommunikasjon, dårleg kommunikasjon, kommunikasjon som gir seg ut for å vere noko anna enn det er, og det finst kommunikasjon som ikkje fungerer.

Å analysere eit medieuttrykk handlar om å studere korleis uttrykket er sett saman. Ved å undersøkje element som utgjer medieuttrykket og finne ut kva for funksjon desse har for heilskapsinntrykket, forstår du meir av korleis kommunikasjonen fungerer.

Når du analyserer ein nettstad, går du i djupna for å forstå korleis innhald, struktur, design og navigasjon fungerer saman, og du kan vurdere kvaliteten på kommunikasjonen til nettstaden. Det blir òg enklare å vere kritisk til nettstader du brukar seinare, og du vil kunne lage eigne nettsider som fungerer betre enn om du ikkje hadde gjort ein nettstadsanalyse.

Dersom du er riktig engasjert og interessert, kan du gjerne avdekkje utilsikta sider ved kommunikasjonen og også kunne seie noko om kva rolle og funksjon nettstaden har, sett i eit større perspektiv.

Slik analyserer du ein nettstad:

  1. Få oversikt over kommunikasjonssituasjonen.
    Du kan bruke ein av prosessmodellane for kommunikasjon.
  2. Bruk og beskriv innhald, design, struktur og navigasjon på ei nettside.
    Innhald: bilete, tekst, video, lyd, quiz osv.
    Design: fargar, fontar, bruk av symbol, layout osv.
    Struktur: overordna organisering av innhaldet.
    Navigasjon: Korleis du brukar og flytter på deg gjennom nettstaden.
    Tips 1: Det kan vere nyttig å lage skisser av til dømes struktur og layout for å supplere skriftlege skildringar.
    Tips 2: Det kan òg vere nødvendig å støtte seg på biletanalyse og/eller analyse av dramaturgi, eller vise til forteljarteknikkar, avhengig av kva som kjenneteiknar nettstaden.
  3. Vurder kommunikasjonen til nettstaden som eit resultat av korleis innhald, design, struktur og navigasjon heng saman.
    Dersom du gjer ein grundig jobb under punkt 2, kan du nytte erfaringane dine derifrå her. Hugs at øving gjer meister. Det gjeld òg når du skal undersøkje og beskrive medieuttrykk.
  4. Til fordjuping: Vil du gå vidare og enda djupare inn i analysen, kan du trekkje inn omgrep frå retorikken. Retorikken vil hjelpe deg med å avdekkje verdiar og ståstader i kommunikasjonen og sjå på nettstaden i eit samfunnsperspektiv.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett