Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

– Eg treng akutt hjelp med nettsida

Finansrådgivar og dagleg leiar i VL Finans Vetle Larsen treng hjelp med å gi nettsida ein "makeover", og det raskt! Kan du hjelpe han?
Gruppe med fem personar i eit kontorlandskap. To av dei sitved eit arbeidsbord, dei tre andre står bak dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsbeskriving

VL Finans vart starta i 1999 av Vetle Larsen. Han er finansrådgivar og dagleg leiar i bedrifta med fem tilsette (inkludert han sjølv). Bedrifta går godt, og det er faste bedriftskundar. VL Finans tilbyr rekneskapstenester og aksjeforvaltning.

VL Finans har akkurat fått vite at dei er ei av fem bedrifter som er nominerte til ein næringspris i regionen. Bedrifta som vinn, får to vekers reise til USA for alle tilsette. Der får dei fagleg påfyll og mentorar frå finansmiljøet i New York.

Treng hjelp med nettsida

Så til sjølve oppdraget: På grunn av ein stabil kundemasse har ikkje VL Finans hatt behov for å vere synleg på nett og skaffe seg kundar.

Nettsida til VL Finans vart oppretta i 1999. Nettsida vart deaktivert i 2012 fordi ho byrja å få eit utdatert design og ikkje vart oppdatert. Per i dag finst det ikkje ei aktiv nettside.

Ein av tinga juryen til næringsprisen skal undersøke, er nettsidene til bedriftene. Her treng Vetle Larsen hjelp frå deg!

Oppdrag

VL Finans treng ei solid oppfrisking av nettsida si slik at ho ser meir moderne og profesjonell ut. Helst bør ho byggast opp på nytt, med blanke ark.

Frist: ei veke

Nokre av kriteria juryen vil bruke for å vurdere nettsida:

  • Er utforming og design tiltalande?
  • Kjem viktig informasjon fram?
  • Er ho universelt utforma?
  • Er ho brukarvennleg?

Desse punkta er viktige å jobbe etter når du skal gi nettsida eit løft eller bygge ho opp på nytt.

Ta bilete og lag grafiske element sjølv, eller bruk bilete du har rettar til å bruke.

Fase 1. Set deg inn i universell utforming

Sidan universell utforming er sentralt i oppdraget, bør du først friske opp kunnskapane dine om universell utforming. Ha det i bakhovudet når du ser på den gamle nettsida, og når du skal planlegge den nye.

Set deg inn i universell utforming av nettsider. Bruk gjerne nettsidene til Tilsynet for universell utforming av ikt (Uutilsynet) for inspirasjon og tips.

Uutilsynet (2021): Løsningsforslag for nettsider

Tips til universell utforming på nettsider
  • Det er lett å forstå og bruke nettsida.

  • Innhaldet er koda slik at skjermlesarar tolkar og gjengir innhald rett.

  • Tekst skal vere koda som tekst, bilete av tekst bør ein unngå.

  • Lenketekstar er beskrivande, og det står kvar dei fører til.

  • Medieinnhald som bilete, grafikk og video har tekstalternativ. Bilete har alt-tekst.

  • Tekstar er delte opp i passande mengder, og dei ulike delane, som tittel og brødtekst, er formaterte rett.

  • Det er gode kontrastar. Kontrastforholdet mellom tekstfarge og bakgrunnsfarge er minst 4,5 : 1.

Fase 2. Undersøk den gamle nettsida

Undersøk den gamle nettsida. Finn ut om du kan behalde noko, og kva som må lagast på nytt.

Fase 3. Planlegg ei betre nettside

Kva slags informasjon er relevant å ha på nettsida? Kva treng du og andre å finne ut av når de går inn på nettsidene til bedrifta?

Set opp struktur og lag skisser over nettsida. Finn og lag visuelle element du kan bruke. Hent informasjon frå den gamle nettsida. Lag wireframes for hand, i teikneprogram på datamaskina eller bruk Adobe XD.

Fase 4. Lag nettsida

Set opp nettsida. Bruk eit verktøy som lar deg lage ein realistisk prototype eller ei publiseringsklar nettside. Nokre aktuelle program er Adobe Dreamweaver, Figma, Adobe XD, Wordpress eller Google Sites.

Fase 5. Evaluer og reflekter

Skriv ein tekst der du viser fram nettsida. Forklar korleis du har jobba og grunngi vala dine. Trekk inn fagkunnskap. Kom inn på desse punkta:

  • strukturen på nettsida
  • brukarvennlegheit og navigasjon
  • utforming av visuelle element
  • val du har gjort for å gjere nettsida universelt utforma
  • samanfatning: forbetringar og endringar du har gjort, med forklaringar på kvifor du har gjort det slik

Kjelde

Tilsynet for universell utforming av IKT. (2021). Løsningsforslag for nettsider. Henta 24. oktober 2021 frå https://www.uutilsynet.no/nettsteder/losningsforslag-nettsider/36

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett