Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Vaktverksemd der du bur

Kva jobbmoglegheiter finst det for vektarar i nærleiken av deg? I denne oppgåva skal du undersøkje kva for vaktselskap som er i nærleiken, og kva arbeidsområde dei har.
Oversiktsbilete av eit overvakingskamera og ein vaktstasjon med trafikk rundt. Foto.

Oppgåve

Vektarar kan vere stasjonerte på fleire typar arbeidsplassar. Nokre er stasjonerte på flyplassar, nokre i bomstasjonar og andre på kjøpesenter. Men visste du at vektarar òg kan jobbe i resepsjon, med alarmutrykking, på båthamner og med verditransport? Eit fagbrev i tryggleik kan opne mange moglegheiter.

I denne oppgåva skal du bruke internett for å søkje etter jobbmoglegheiter for vektarar der du bur. Kva arbeidsplassar kunne du tenkje deg å vere stasjonert på?

  1. Søk på nettet etter lokale vaktselskap. Bruk gjerne oversikta til politiet i den relaterte artikkelen nedanfor. Sjå òg på nettsidene til dei ulike vaktselskapa, og finn ut kva arbeidsområde dei har.

  2. Opne stillingssøk på til dømes finn.no eller nav.no, og huk av for området ditt og tryggingsbransjen. Finst det ledige jobbmoglegheiter?

  3. Skriv ein kort tekst om kva jobbmoglegheiter som finst for vektarar der du bur. Fortel om vaktselskapa, arbeidsområde og kva stillingar som eventuelt er ledige. Kva trur du kunne passa for deg?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Vaktverksemdsbransjen