Hopp til innhald

Fagstoff

Tenesteområde for vaktverksemdsbransjen

Hovudoppdraget i vaktverksemdsbransjen er å førebyggje uønskte hendingar, og det omfattar meir enn vakthald. Vektarar har òg godkjenning til å utføre inspeksjonsrundar og ulike publikumsretta tenester.
Ein kvinneleg vektar kroppsskannar ein flypassasjer. Ein mannleg vektar er med på ein sikkerheitskontroll av eit fly. Teikningar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit vaktselskap er ei servicebedrift som har godkjenning frå politiet til å utøve vaktverksemd. Vakttenesta er regulert av vaktverksemdslova, og vaktselskap må søkje om godkjenning for kvart distrikt dei ønskjer å tilby tenester i.

Vaktselskap blir leigde inn av kundar med ulike behov, og tenestene blir tilpassa oppdragsgivaren. Her ser vi nærare på nokre vektartenester som det er vanleg å tilby.

Ulike former for vakthald

Stasjonært vakthald

Oversiktsbilete av eit overvakingskamera og ein vaktstasjon med trafikk rundt. Foto.

Ei stasjonær vaktteneste er på eigedommen til kunden og tek omsyn til instruksane frå oppdragsgivaren. Ein vektar har det vi kallar "borgarrett og eigarrett", det vil seie at den stasjonære vektaren handlar på vegner av eigaren.

Vektarar i stasjonær teneste kan til dømes ha i oppdrag å utføre inngangskontroll, i tillegg til inspeksjonsrundar på området. Formålet er å skape tryggleik ved at vektarane tidleg kan oppdage, førebyggje eller avgrense uønskte hendingar.


Patruljerande og mobile tenester

Uniformert vektar med lommelykt står på gata i ein mørk by. Foto.

Mobilt vakthald er ei meir oppsøkjande teneste, som oftast for fleire ulike oppdragsgivarar. Aktuelle kundar er butikkar og bedrifter som ikkje er på eit kjøpesenter eller liknande. Instruksen til vaktselskapet kan mellom anna omfatte å ta kontrollrundar på fleire objekt og å rykkje ut ved alarmar.

Mobilt vakthald er eigna for mindre bedrifter og bedrifter med eit lågt trusselnivå. Inspeksjonsrundar på kveldstid, om natta eller på heilagdagar når tilsette ikkje er til stades, skaper tryggleik.

Sentervakthald

To uniformerte vektarar på kjøpesenter. Foto.

Sentervakthald er ein type stasjonær teneste som har mykje til felles med både patruljerande tenester og teknisk vakthald. Ein vektar på eit kjøpesenter er ein del av serviceopplevinga, og tenesta inneber mykje publikumskontakt.

Vektarar kan ha ansvar for inspeksjonsrundar, for teknisk vakthald av heisar og rulletrapper, for inngangskontroll, for å avdekkje tjuveri eller forsøk på tjuveri og for å bidra med informasjon og rettleiing til tilsette og besøkjande på senteret.

Kontrollteneste

Sivil eller uniformert kontrollteneste er ei teneste som gjerne blir nytta av bedrifter som er utsette for svinn.

Vaktselskap kan òg utføre sals- og skjenkjekontroll for å sjå at lovverket blir følgt på stader som sel varer som alkohol eller tobakk. Kontrolltenester kan òg vere knytte til kasse, svinn, personale, varemottak og butikkontroll.

Kontrollørane utfører ofte tenesta i sivile klede. Dei ser etter om rutinane til oppdragsgivaren fungerer som dei skal, om dei tilsette følgjer dei gitte instruksane, og om aktuelle lover blir følgde. Som kontrollør skal ein først og fremst sjå etter avvik eller rutinesvikt som kan føre til svinn. Eventuelle avvik blir rapporterte vidare til oppdragsgivaren.

Ulike tenesteoppdrag

Vektarar kan òg bli sette til ulike kortvarige oppdrag knytte til tenesta eller objektet der dei jobbar. Nokre døme på slike tenesteoppdrag kan vere

  • trafikkvakt, til dømes ved kolonnekøyring eller vegarbeid

  • køvakt, om det er ekstra behov for å sikre tilgangsavgrensing i tillegg til ro og orden

  • ekstra vakthald ved større hendingar eller arrangement på objektet

  • patruljering i områda rundt det området eller objektet der vektarane jobbar, til dømes ved auka trusselnivå

Tenk over

Kan du kome på fleire kortvarige tenesteoppdrag som kan vere aktuelle for eit vaktselskap, til dømes på skulen eller praksisplassen din?


Arbeidsrutinar og verktøy

Hovudoppgåva til ein vektar, uavhengig av tenestetype, er å observere og rapportere. Vektarbransjen har derfor ei rekkje felles rutinar og mykje standardisert utstyr.

Rapportere til vaktsentral

Ein gong i timen skal vektarar rapportere til vaktsentralen dei er tilknytte. Dersom ein vektar ikkje rapporterer, vil vaktsentralen etterlyse vektaren. Dette er tryggleiksbevarande, særleg for vektarar som arbeider åleine, om natta eller på objekt med eit visst trusselnivå.

Sambandsutstyr for varsling

Vektarar skal ha tilgang til telefon for rask varsling. Dei bør ha viktige nummer lagra på mobiltelefonen sin, for å kunne kommunisere med kollegaer, kundar eller leiarar. I tillegg er radiosamband godt eigna for kommunikasjon på eit avgrensa område. Det blir mest brukt for å gi korte beskjedar til kollegaer.

Datapenn

Ein datapenn registrerer strekkodar på dei ulike kontrollpunkta på ein inspeksjonsrunde. Slik får vektaren registrert når kvart punkt sist blei kontrollert, kven det blei kontrollert av, og eventuelle avvik.

Rapporteringssystem og vaktlogg

Rapportblokk og penn bør alltid vere lett tilgjengeleg. Vektarar skal kunne notere detaljar eller krysse av for ulike avvik. Ein vaktlogg skal oppdaterast jamleg og innehalde observasjonar og hendingar frå vakta med klokkeslett. På denne måten kan ein formidle beskjedar, kvittere for utførte oppgåver og oppdatere om eventuelle pågåande oppdrag.

Instruksar, inngangskort, nøklar

Ein person skannar inngangskortet sitt. Foto.

Før vektarar skal på inspeksjonsrundar eller skal rykkje ut til alarmar, er det viktig at dei er oppdaterte på aktuelle instruksar. Nødvendige nøklar og inngangskort skal vere med, og det skal finnast eit sikkert oppbevaringssystem for desse når dei ikkje er i bruk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Vaktverksemdsbransjen