Hopp til innhald

Fagstoff

Sikkerheitsbehov i samfunnet

Hovudoppgåva i vaktverksemdsbransjen er å førebygge uønskte hendingar. Gjennom oppdrag for private og offentlege verksemder er sikkerheitsbransjen ein vesentleg bidragsytar til samfunnssikkerheita og beredskapen i Noreg.
Nærbilete av ein patruljerande Security-bil om natta. Foto.


Tenester som vaktverksemdsbransjen utfører

Gjennom tenestene dei utfører, gjer vaktverksemdsbransjen ein viktig jobb for å trygge samfunnet. NHO-rapporten Tall og trender: Sikkerhet og beredskap for høvesvis 2020 og 2021 inkluderer statistikk over innsatsen som vektarane gjer i samfunnet. Her har vi plukka ut nokre nøkkeltal:

NØKKELTAL FOR "TALL OG TRENDER"

Vakthaldstenester

2019

2020

Sikkerheitsassistanse (talet på gonger)

42 500

33 434

Meldingar på vegner av kundar (talet på gonger)

12 141

9 270

Førstehjelp (talet på personar)

1 818

1 431

Redda liv (talet på personar)

267

120

Tenk over

Kvifor blei tala lågare i 2020, trur du?

Sikkerheitsassistanse

Vektarar gir sikkerheitsassistanse i situasjonar som blir melde inn. Det kan vere utrykking til heis- og sikkerheitsalarmar eller bistand til helsepersonell. Det kan òg vere trusselsituasjonar ved til dømes offentlege kontor, serveringsstader og butikkar.

Meldingar

Vektarar melder saker på vegner av kundar. Desse sakene dreier seg i stor grad om hærverk og innbrot.

Førstehjelp og livredning

Førstehjelp og livreddande innsats på offentlege stader er ei viktig oppgåve for vektarar. Vektarar tek leiinga eller hjelper til i situasjonar som dreier seg om alt frå blokkerte luftvegar til hjartestans og overdosar.



Kilde

Tall og trender 2021: Sikkerhet og beredskap. (2021, 27. mai). NHO Service og Handel. https://www.nhosh.no/tall-og-fakta/tall-og-trender/tallogtrender2021/sikkerhetogberedskap/

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021

Læringsressursar

Vaktverksemdsbransjen