Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sikkerheitsbehov der du bur

Ta ein nærare titt på din eigen heimstad, og finn ut kva sikkerheitsbehov som finst. Presenter ein rapport med funna dine for klassa.
Fotografi av ein by med trafikk og menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du skal opprette ei ny vektarteneste eller eit sikkerheitsselskap på heimstaden din. Kva tenester og produkt vil du tilby?

I denne oppgåva skal du sjå på heimstaden din med eit blikk for risiko. Finn ut kva sikkerheitsbehov som finst. Kva tenester og produkt kan du tilby for å tryggje heimstaden din?

Tips til oppgåveløysing

Når du skal vurdere sikkerheitsbehovet på heimstaden din, må du sjå på faktorar som

  • talet på innbyggjarar

  • geografisk plassering

  • areal

  • turisme

  • trafikkforhold

  • aktivitetar på staden

  • statistikk over uønskte hendingar

Aktivitetar og turisme er nyttig å ha ei oversikt over. Forventar staden fleire turistar i samband med ein festival eller eit sportsevenement, kan det vere aktuelt for deg å tilby vakttenester der.

Statistikk over tidlegare hendingar eller nestenulykker er også nyttig informasjon for sikkerheitsplanlegging. Er det nokon typar kriminalitet som er aukande?

Nyttige kjelder til informasjon kan vere

  • SSB

  • politilogg, kriminalstatistikk

  • lokalavis

  • lokalt næringsliv


Oppgåve

LOKALE AKTIVITETAR OG HENDINGAR
Hending/aktivitetKva kan skje?Korleis kan selskapet mitt forhindre at det skjer?Kva kan selskapet mitt gjere viss det skjer likevel?
  1. Fyll ut skjemaet ovanfor for å få oversikt over lokale aktivitetar og hendingar.

  2. Lag ein skriftleg rapport basert på sikkerheitsbehova du fann. Finn du mange, kan du velje ut tre. Ta med kjeldene du brukte for å finne sikkerheitsbehova.

    Rapporten skal også innehalde forslag til sikkerheitstiltak og argument for å setje inn vakttenester slik du føreslår.

  3. Presenter rapporten.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2022

Læringsressursar

Vaktverksemdsbransjen