Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tal og trendar for vaktverksemdsbransjen

I denne oppgåva skal du sjå på korleis oppgåvene i vaktverksemdsbransjen utviklar seg i takt med sikkerheitsbehova i samfunnet. Kva fortel statistikk frå tidlegare år om samfunnsutviklinga?
Oversiktsbilete av eit overvakingskamera og ein vaktstasjon med trafikk rundt. Foto.

Kvart år gir NHO ut bransjestatistikk for ulike bransjar. Utgivinga Tall og trender: Sikkerhet og beredskap viser nøkkeltal for vaktverksemdsbransjen for året før.

I denne tabellen kan du sjå nøkkeltal frå åra 2019 og 2020:

Nøkkeltal frå "Tall og trender"

Vakthaldtenester

2019

2020

Sikkerheitsassistanse (talet på gonger)

42 500

33 434

Meldingar på vegner av kundar (talet på gonger)

12 141

9 270

Førstehjelp (talet på personar)

1 818

1 431

Livredning (talet på personar)

267

120

I tabellen ser vi at talet på rapporterte hendingar gjekk ned frå 2019 til 2020 i alle kategoriane. Det står i kontrast til korleis utviklinga har vore i åra fram til 2020. Dette kallar vi eit avvik i tala.

Til dømes har vektarar ifølge bransjestatistikken redda 1 217 liv mellom 2015 og 2019, og talet har auka for kvart år. Frå 2019 til 2020 er talet meir enn halvert.

Kva for endringar i samfunnet eller bransjen har forårsaka desse avvika? I 2020 var samfunnet i lange periodar stengt ned. I tillegg var mange i serviceyrka permitterte – inkludert vektarar. Vi ser her moglege forklaringar både på samfunnsnivå og internt i bransjen.


Oppgåve

  1. Gå inn på nettsida til NHO, Sikkerhet og beredskap, og bruk søkefunksjonen til å finne den nyaste Tall og trender: Sikkerhet og beredskap.

  2. Les NHO si eiga utgreiing for det siste året. Drøft korleis samfunnsutviklinga påverkar vaktverksemdsbransjen.

  3. Gå endå eit år tilbake og finn ut kva statistikken seier om dette året. Er det nokon avvik som utmerker seg?

  4. Finn ut korleis utviklinga har vore frå 2019 og 2020 og fram til no når det gjeld talet på gonger vektarar har

    • gitt sikkerheitsassistanse

    • levert melding på vegner av kundar

    • gitt førstehjelp

    • redda liv




Relatert innhald

Gjennom oppdrag for private og offentlege verksemder er sikkerheitsbransjen ein vesentleg bidragsytar til samfunnssikkerheita og beredskapen i Noreg.

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Vaktverksemdsbransjen