Hopp til innhald

Fagstoff

Grupper av velferdsteknologi

Teknologien i samfunnet blir heile tida endra, det same gjeld innan velferdsteknologi. Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene treng du kunnskap om korleis velferdsteknologi kan brukast for å auke tryggleiken og meistringa til brukarane.
Gut leiker med robothund. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjon av velferdsteknologi

Den vanlegaste definisjonen av velferdsteknologi finn vi i NOU 2011:11 som er kalla "Innovasjon i omsorg". Her blir velferdsteknologi definert som

"[t]eknologisk assistanse som bidrar til økt trygghet, sikkerhet, sosial deltakelse, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrker den enkeltes evne til å klare seg selv i hverdagen til tross for sykdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsatt funksjonsevne." (NOU 2011:11).

Grupper av velferdsteknologi

  1. Teknologi for tryggleik og sikkerheit (fallalarm, tryggleiksalarmar, komfyrvakt). Målet her er at brukaren skal føle seg trygg på at om noko skjer, så blir han eller ho, eller andre som kan hjelpe, varsla.
  2. Meistringsteknologi (automatisk medisindosett, spel, smarthus). Målet er å gi brukaren moglegheit til å meistre eiga helse og ta ansvar sjølv.
  3. Utgreiings- og behandlingsteknologi (KOLS-koffert, blodsukkermålar). Målet er å gjere utgreiing og eventuell behandling i heimen mogleg.
  4. Velværeteknologi (treningsapplikasjonar, smartklokker, robotar). Målet er å hjelpe brukaren i kvardagen.
Eldre dame med tryggleiksalarm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme på velferdsteknologi

  • «Helsesjekk» for KOLS-pasientar. Helsesjekk er ei mobil løysing der den sjuke sjølv måler eigen tilstand med eit sett av teknologiar. Alle data blir lagde inn og er tilgjengelege gjennom nettbrett. Brukarane rapporterer at dei kjenner ein større tryggleik ved at dei kan følgje med heile tida og vere meir merksame på sin eigen tilstand. Også pårørande kjenner ein større grad av tryggleik.
  • Bruk av ulike typar medisindosettar. Dette er medisindispenserar som gjennom mellom anna lyd og lys varslar når medisin skal takast. Viss medikament ikkje blir tekne eller det oppstår feil, får heimetenesta beskjed via alarmar. Bruk av denne teknologien gjer det mogleg for brukarar med tidleg demens eller problem med å finne fram medisinar å kunne klare seg sjølv lengjer.
  • Mobil tryggleiksalarm som fungerer som ein enkel mobiltelefon med GPS-tilkopla alarmknapp som brukaren kan ha rundt halsen eller på armen. Skjer det noko, vil alarm bli send via SMS med kartreferanse.

Velferdsteknologi i praksis


Mange trur velferdsteknologi krev mykje utstyr og massiv opplæring. Basert på det du har lært om velferdsteknologi, kan du sjå at dette ikkje er tilfellet. Eit døme på korleis bruk av teknologi kan gjere kvardagen enklare for nokon, kan ein sjå i karantenesituasjonen som oppstod rundt viruset covid-19. Eldre og menneske med underliggjande fysiske sjukdomstilstandar vart isolerte utan moglegheit for besøk. Dette gjaldt òg menneske i den siste fasen til livet.

Dette ville tidlegare ført til total isolasjon og i beste fall ein telefonsamtale iblant. I dag kan personar som er i isolasjon, samtale gjennom mobiltelefonar og nettbrett, uavhengig om det er helsepersonell til stades heile tida. Teknologien gir moglegheit for nærleik og trøyst der fysisk kontakt er umogleg. På denne måten kan ein ta vare på behovet i samfunnet for å hindre smittespreiing samtidig som ein tek vare på behovet til menneske for sosial interaksjon.

Innanfor dei ulike gruppene velferdsteknologi skjer det ei konstant utvikling. Til tider skjer det i eit så stor tempo at det er vanskeleg å følgje med. Dette gjeld både for brukarar av helse- og oppveksttenester og for deg som skal jobbe med teknologiane.

Utfordringar til deg

  1. Finn eit døme på eit hjelpemiddel frå kvar av dei fire gruppene av velferdsteknologi.
  2. Vel ei gruppe av velferdsteknologi, og lag ein presentasjon av eit eller fleire hjelpemiddel frå denne gruppa.
  3. Diskuter i klassen: Kvifor treng fagarbeidarar innan helse- og oppvekstfag kunnskapar om velferdsteknologi?

Kjelde

NOU 2011: 11. Innovasjon i omsorg. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2011-11/id646812/

CC BY-SASkrive av Rune Andersen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2020

Læringsressursar

Velferdsteknologi