Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digitale helsetenester

Det blir stadig fleire eldre i Noreg og fleire som lever med kroniske sjukdommar. Auka levealder gir høgare risiko for sjukdom og derfor større behov for helse- og omsorgstenester. Samtidig er det mangel på helsepersonell til å løyse oppgåvene. Korleis kan teknologi bidra til å løyse utfordringane?
Eldre dame med rullator les avis på nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Bruk internett til å finne ut kva tilbod som finst i kommunen eller bydelen din for å rettleie innbyggarane i digital kompetanse.

  2. Digital utanforskap er eit nemning på manglande tilgang til eller moglegheit for bruk av digitale tenester.

    1. Kva trur du kan vere årsaker til digital utanforskap?

    2. Kva utfordringar vil oppstå i kvardagen din dersom du ikkje har tilgang til eller kompetanse til å bruke digitale tenester?

    3. Kvifor er digitale ferdigheiter viktig for deg som fagarbeidar i helse- og oppveksttenestene?

  3. Helsenorge-appen og nettsida helsenoreg.no er eit døme på korleis teknologi blir brukt for å effektivisere helsetenester.

    1. Kva tenester finn du på Helsenorge?

    2. Korleis blir personvern og tryggleik vareteke på Helsenorge?

    3. Kva for nokre andre digitale helsetenester kjenner du til?

Gruppeoppgåver

  1. Under covid-19-pandemien vart konsultasjonar via videolink eit alternativ til fysisk oppmøte på legekontor. Diskuter i gruppa kva fordelar og ulemper de ser ved bruk av digitale legetimar.

  2. Digital heimeoppfølging er ein metode for overføring av helseopplysningar frå ein pasient til helsetenesta ved hjelp av digitale verktøy. Pasientane utfører eigenmålingar, og dersom resultata tyder på forverring av helsetilstanden, tek helsetenesta kontakt. Korleis kan digital heimeoppfølging bidra til betre pasienttryggleik og samtidig redusere behovet for andre helsetenester?

  3. For at helsetenesta skal vere berekraftig i framtida, må ressursane omdisponerast slik at pasientar og brukarar får fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp trass i færre tilsette. Lag ein presentasjon med forslag til oppgåver som helse- og velferdsteknologi kan overta frå menneske.

  4. Digital utanforskap omfatta i 2020 omtrent 14 prosent av befolkninga over 16 år i Noreg, det vil seie 600 000 menneske. Det fører til at mange som treng helse- og oppveksttenester, har store problem med å skaffe seg dei.

    1. Vel dykk ein mogleg arbeidsstad og lag ein plan for korleis de som fagarbeidarar kan rettleie brukarar i digital kompetanse. Bruk gjerne nettsida Digitalt utenforskap frå KS som inspirasjon.

    2. Ta kontakt med tenestestaden, og spør om de kan få komme på besøk og gjennomføre ei økt med digital rettleiing. Dersom dette ikkje er mogleg, kan de gjennomføre opplegget i ein annan klasse på skulen.

    3. Vurder gjennomføringa dykkar. Kva gjekk bra, og kva ville de endra dersom det var fleire gjennomføringar?

    4. Presenter ei oppsummering av planlegging, gjennomføring og vurdering av eige arbeid i klassen.

Diskusjon og refleksjon i klassen

  1. Kva er samanhengen mellom digital kompetanse og brukarmedverknad?

  2. Korleis kan digitale tenester bli betre universelt utforma for å førebygge digital utanforskap og sikre medverknad?

  3. I kva tilfelle er det ikkje fagleg forsvarleg å erstatte menneskeleg kontakt med digitale ressursar?

Kjelde

Kommunal- og moderniseringsdepartementet. (2021, september). Digital hele livet: Nasjonal strategi for økt digital deltakelse og kompetanse i befolkningen. https://www.regjeringen.no/contentassets/8f8751780e9749bfa8946526b51f10f4/digital-hele-livet.PDF

Relatert innhald

Utanforskap er å stå utanfor fellesskapet, og kan ha fleire grunnar. Sosiale forskjellar har sterk samanheng med utanforskap.



CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2022

Læringsressursar

Velferdsteknologi