Hopp til innhald

Fagstoff

Teknologi påverkar yrkesutøvinga

Ny teknologi gjer at samfunnet og arbeidslivet blir endra raskt. I denne filmen får du eit innblikk i korleis teknologi påverkar yrkesutøvinga, og dessutan ser vi nokre av dei utfordringane og moglegheitene desse hjelpemidla kan gi innan helse- og oppveksttenestene.

Samfunnet og arbeidslivet er i rask endring, og det fører til at du som arbeidstakar heile tida må halde deg oppdatert. Som fagarbeidar er det viktig at du reflekterer over både moglegheiter og utfordringar ved bruk av teknologi og korleis yrkesutøvinga di blir påverka av dette.

Utfordringar til deg

  1. Finn døme på teknologi som har endra arbeidsoppgåver i eit av yrka innan helse- og oppvekstfag. På kva måte har teknologien endra yrkesutøvinga i dette yrket?
  2. Kva moglegheiter ser du ved bruk av teknologi i helse- og oppveksttenestene?
  3. Kva utfordringar kan oppstå ved bruk av teknologi innan helse- og oppveksttenestene?
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Velferdsteknologi