Hopp til innhald

Fagstoff

Utfordringar og gevinstar ved bruk av velferdsteknologi

Innføringa av velferdsteknologi i helse- og oppvekstsektoren gir mange gevinstar, men òg ein del utfordringar. Som fagarbeidar er det viktig å reflektere over korleis teknologien kan påverke yrkesutøvinga di, og kva dette medfører for brukarane av tenestene.
Mann i rullestol får rettleiing i bruk av mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gevinstar

Når vi skal sjå på gevinstane ved bruk av velferdsteknologi, er det naturleg å sjå på den første gevinstrealiseringsrapporten frå Helsedirektoratet i 2015. Her blir gevinsten definert som: "Nyttevirkninger, fordeler eller positive effekter som forventes oppnådd ved et prosjekt eller tiltak. De er ønskede og planlagte og helst forhåndsdefinerte, men kan også oppstå som ikke planlagte virkninger". (Helsedirektoratet, 2015).

Med andre ord nytteverdien av ein teknologi. Det er i hovudsak tre hovudpunkt vi definerer gevinst på:

  1. Auka kvalitet på dei tenestene som blir tilbodne/blir gjennomførte.
  2. Spart tid ved bruk av teknologien. Det vil seie tid for den pårørande og for hjelpetenesta.
  3. Unngåtte kostnader. Det vil seie teknologi som gjer det mogleg å spare i talet på timar eller utstyr til brukarar.

Det å innføre velferdsteknologiske element gjer at vi kan spare tid, ressursar og pengar. Noko som forhåpentleg på sikt vil gi eit betre tilbod for brukarar og ein betre kvardag for alle som anten jobbar innan helsevesenet eller er pårørande. Dette føreset opplæring, endring av arbeidsrutinar og vilje til å utføre tenester på nye måtar. Teknologien må då erstatte heile eller deler av ei teneste slik at gevinsten faktisk kan blir realisert. Her ligg den største utfordringa. Vi er nøydde til å få med alle tilsette på ei reell omlegging av rutinar og utføring. Her vil det ligge store utfordringar framover.

Robot som måler blodtrykk på menneske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar

Det er sjølvsagt utfordringar knytte til dette. Ved innføring av ny teknologi er vi òg prisgitte dei problema som kan oppstå. Eit døme er elektroniske låsar. Her må vi ha eit system i bakhand i tilfelle smarttelefonen sviktar eller er tom for straum og vi ikkje får opna døra, i tilfelle straumen er borte eller viss elektronikken feilar. Vi er nøydde til å ha planar for slike situasjonar. Skulle ei automatisert dosettmaskin svikte eller dele ut feil dosar til feil tid, kan det i verste fall få fatale konsekvensar.

Vi må òg vurdere ein del etiske problemstillingar rundt dette med menneskeleg kontakt. Å effektivisere køyring kan føre til at vi ikkje besøker enkelte brukarar andre gonger enn ved behov. Det kan føre til isolasjon og einsemd, og eit resultat av dette kan vere dårlegare generell helsetilstand. Det same gjeld om vi berre skal ta kontakt viss sensorar viser noko unormalt eller viss vi får feilmeldingar.

Etiske og juridiske utfordringar

I notatet "Etiske utfordringer med velferdsteknologi" (Hofmann, 2010) blir det trekt fram ei rekke problemstillingar ved bruk av velferdsteknologi.

  • autonomi, integritet, verdigheit
  • konfidensialitet, rett til privatliv
  • tid til menneskeleg kontakt og relasjonar
  • informasjon, opplæring, oppfølging
  • nye involverte grupper: pårørande, teknologileverandørar, personell for vedlikehald av teknologi
  • nye ansvarsområde for helsepersonell og pårørande
  • interessekonfliktar: Tener velferdsteknologi pasientar/brukarar, helse- og omsorgspersonell, helsetenesteytarar eller industrien?
  • fremme av instrumentell rasjonalitet slik at det går ut over omsorgsrasjonalitet (med fokus på liding, fortviling, plage, håp og meistring).

Det finst i dag endå fleire problemstillingar, og det finst ulike nyansar av dei eksisterande. Nedanfor vil du finne nokre tankar rundt eitt av desse punkta. Det er viktig at vi stiller oss liknande spørsmål om alle punkta.

Sikkerhetsvakt følger med på videoovervaking på mange skjermar mens han snakkar i ein walkietalkie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personvern

Retten til privatliv, altså konfidensialitet, er eit grunnprinsipp. Det sit langt inne å "vatne ut" denne retten. Han er ikkje berre verna i det nasjonale lovverket vårt, men er òg i stor grad omfatta av menneskerettane som Noreg har ratifisert (godkjent). Ved bruk av ulike typar velferdsteknologi kan ein vere i grenseland her.

Eit døme er bruk av GPS-lokalisering, anten gjennom mobiltelefon eller brikke (på kropp eller implantat). Det er i prinsippet ei grei sak viss vedkomande er oppegåande og har samtykkekompetanse. Verre blir det viss ein må bestemme det utan samtykke, noko lovverket no gir opning for. Sjølv om vedkomande gir samtykke, er det viktig å skjønne omfanget av det ein går med på. Mange eldre, som er dei som nyttar denne teknologien mest, har ikkje kunnskap om eller innsikt i kor omfattande datainnsamlinga kan vere berre ved bruk av GPS. Sporingsteknologi blir rekna som tvang i samsvar med pasient- og brukarrettslova § 4A, derfor er det viktig å definere klart kven som har nytte av teknologien.

Samtykke

Kan ein føle at pårørande og helsevesenet "påtvingar" bruk, sjølv om ein person samtykker? Ved bruk av denne typen teknologi vil òg tredjepartsaktørar hente inn store mengder opplysingar om personen. Dette gjeld alle former for teknologi der ein følger, samlar data og kartlegg ein person. Via tredjepartsaktørar som hentar inn informasjonen, kan informasjon frå mange personar bli samla og analyserte og danne bakgrunn for anna verksemd eller aktivitet som ikkje nødvendigvis er ønskeleg.

Ved bruk av slik teknologi får ikkje berre tredjepart, men òg pårørande store mengder informasjon om brukaren som dei ikkje nødvendigvis treng eller har lyst på. Det kan skape ein stressande situasjon å vite at brukar har større problem enn dei trudde, at brukar er ei større belasting på andre enn dei trudde og så vidare. Det kan òg påverke ein sjølv og gi dårleg samvit viss det er ein sjølv som har gitt samtykke til bruk av teknologien.

Vi ser at det er ein del utfordringar rundt det etiske aspektet. Dette er like aktuelt når det gjeld det reint juridiske som mellom anna omfattar personvern og retten til å bestemme over seg sjølv så langt det er mogleg. Nokre av dei viktigaste dokumenta de må kjenne til her, er:

  • GDPR-direktivet (General Data Protection Regulation)
  • lov om behandling av personopplysninger
  • lov om helsepersonell m.v.
  • forskrift om pasientjournal
  • lov om pasient- og brukerrettigheter

Dette er lovverket som regulerer innsamling av helsemessige opplysingar.

Utfordringar til deg

  1. Kva er gevinstane ved bruk av velferdsteknologi? Bruk døme til å forklare.
  2. Kva utfordringar fører bruk av velferdsteknologi til?
  3. Gå inn på lenkene under og lag eit oversyn over hovudpunkta i regelverket om innsamling av personopplysingar.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2015). Gevinstrealiseringsrapport nr. 1 (IS-2416). Henta 6. mars 2020 frå https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/gevinstrealiseringsrapporter-nasjonalt-velferdsteknologiprogram

Hofmann B. (2010). Etiske utfordringer med velferdsteknologi. Notat fra
Kunnskapssenteret. Henta 6. mars 2020 frå https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/notater/2010/notat_2010_etiske_utfordringer_velferdsteknologi.PDF

CC BY-SASkrive av Rune Andersen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020

Læringsressursar

Velferdsteknologi