Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk av velferdsteknologi

Før vi kan ta i bruk velferdsteknologi og andre hjelpemiddel, er det viktig å kartleggje behovet til den som skal nytte det. Som fagarbeidar er det viktig at du saman med kollegaene dine òg reflekterer over etiske dilemma som kan oppstå når teknologi skal erstatte menneskelege ressursar.
Nettbrett med app som kan vise resultat frå blodtrykksmåling automatisk, og der brukaren sjølv kan leggje inn informasjon om velværet sitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Ta utgangspunkt i ein type velferdsteknologi og lag ein presentasjon de skal dele med klassen.
  2. Forklar kva den valde typen velferdsteknologi kan bidra med for brukarar, pårørande og helsepersonell.
  3. Kva for nokre etiske og juridiske vurderingar må diskuterast og eventuelt blir løyste før ein tek i bruk denne teknologien?
CC BY-SASkrive av Rune Andersen og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2020

Læringsressursar

Velferdsteknologi