Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva ville du ha gjort?

I denne oppgåva skal du gjere etiske vurderingar med bakgrunn i det du veit om etisk kommunikasjon og presseetikk. Du må òg ta stilling til nokre etiske dilemma.

Oppgåve 1: Gjer etiske val

Sjå filmen Etisk mediekommunikasjon, og gjer eigne val ut frå det du veit om etisk kommunikasjon og presseetikk.

Oppgåve 2: Diskuter etiske dilemma

Eit etisk dilemma er ein situasjon der ulike verdiar og regelverk står i konflikt med kvarandre. Uansett kva vi vel, vil det vi gjer, få negative konsekvensar for nokon.

Jobb saman i grupper på fire elevar med casane nedanfor, og diskuter dykk fram til kva som er rett handlemåte ut frå

  • pliktetisk tenking

  • konsekvensetisk tenking

Case 1

Ein alvorleg pandemi har ramma landet, men heldigvis har nokon klart å utvikle ein vaksine som er svært effektiv.

Du jobbar som kommunikasjonsmedarbeidar i Helsedirektoratet og har fått tildelt fem minutt i beste sendetid i Dagsrevyen. Du har fått beskjed av sjefen din at det er jobben din å overtyde vaksineskeptikarar om at det er trygt å ta vaksinen. Det vil redde svært mange liv.

Rett før du går i studio, tikkar det inn ei melding om at ei dansk kvinne er død etter å ha teke vaksinen. Kva gjer du no?

Case 2

Du er kommunikasjonsrådgivar i ein matfabrikk. Matfabrikken har nettopp hindra ein konkurs og er ein sentral arbeidsplass i nærområdet.

Eitt opplag matvarer har ein defekt som ikkje er sjukdomsframkallande, men som viser seg å medføre noko ubehag hos forbrukaren. Det har samtidig kome opp bekymringar om at den lokale vassforsyninga treng nytt reinseanlegg.

Du tenkjer du skal la saka gå forbi i stille, så ringjer ein journalist fordi han har høyrt rykte om eit defekt produksjonsopplag. Kva gjer du?

Case 3

Ein elev i klassen din har laga ei hatgruppe der han spreier bilete, videoar og hatefulle ytringar om ein av lærarane. Alle elevane på skulen er inviterte inn i gruppa, og mange har følgt opp med eigne kommentarar.

Eleven som oppretta gruppa, bur på ein ungdomsinstitusjon. Han har tidlegare blitt utvist frå skulen på grunn av ein konflikt med læraren. Eleven slit fagleg og har ingen venner på skulen, men no har han plutseleg blitt populær blant medelevar.

Nokon har spreidd innhaldet i hatgruppa vidare i andre forum, og leiinga på skulen har fått høyre om det. No krev klassestyraren at de fortel kven som har publisert desse bileta og videoen. Kva gjer du?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2021

Læringsressursar

Etikk og medium