Hopp til innhald

Fagstoff

Ver Varsam-plakaten og sjølvjustisen i pressa

Ver Varsam-plakaten inneheld etiske reglar som norske journalistar, redaktørar og fotografar er forplikta til å følgje når medieinstitusjonen er medlem av Norsk Presseforbund. Presseetikken er viktig i alle fasane av det journalistiske arbeidet, og det er pressa sjølv som har utvikla regelverket.
Eit stort koppel av journalistar med foto- og filmkamera knipsar i veg. Foto.

«Ord og bilete er mektige våpen, misbruk dei ikkje!»
Ver varsam-plakaten

Ver Varsam-plakaten

Ver Varsam-plakaten er etiske normer for trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar i Noreg. Regelverket er laga av pressa sjølv og omfattar heile den journalistiske prosessen, frå innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet. Den enkelte redaktøren og medarbeidaren er forplikta til å følgje Ver Varsam-plakaten, og det etiske regelverket er vedteke av Norsk Presseforbund.

«Alternative» medium som ikkje er medlem i Norsk Presseforbund, er ikkje forplikta til VVP på same måte.

Plakaten er delt inn i fire hovudområde:

1. Samfunnsrolla til pressa

Her står dei reglane som seier noko om kva rolle ei fri presse skal ha i samfunnet vårt. Det blir slått fast at pressa held i hevd viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa skal informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. På grunn av granskinga journalistar gjer av politiske prosessar, kallar vi ofte pressa «den fjerde statsmakta».

2. Integritet og truverd

I dette avsnittet finn du reglane som presiserer at pressa er uavhengig av andre makthavarar i samfunnet, anten det er politikarar, politi eller private interesser. Redaktøren og den enkelte redaksjonelle medarbeidaren skal verne om sjølvstendet sitt, integriteten sin og truverdet sitt. Forholdet mellom reklame og redaksjonelt stoff er omtalt i paragrafane 2.6, 2.7 og 2.8.

3. Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene

Her finn du reglar om korleis ein journalist skal forhalde seg til kjeldene sine. Det er viktig å merke seg at ei kjelde har krav på vern mot andre som kan tenkje seg å skade kjelda på nokon måte. Det betyr at opplysningane ei kjelde gir til ein journalist, som hovudregel ikkje skal kunne utleverast til andre. Journalisten må òg kunne vurdere truverdet til kjeldene og har eit spesielt ansvar overfor kjelder som kanskje ikkje er klare over verknaden av det dei seier.

4. Publiseringsreglar

Denne siste delen av Ver Varsam-plakaten handlar om kva reglar som skal følgjast når stoff blir publisert. Reglane for korleis kriminalitet blir omtalt i pressa, er viktige for personvernet. Reglar for korleis sjølvmord skal omtalast, finn du i paragraf 4.9. Her blir det òg sagt mykje om bruk av bilete, og spesielt bilete som er manipulerte. I dag finst det mange måtar å få eit bilete til å lyge på!

Sjølvjustisen i pressa

Ein gut med lommelykt lyser på forskjellige aviser. Illustrasjon.

Heilt sidan 1800-talet har norske medium hatt ei fri stilling overfor statlege styresmakter. Det er eit resultat av at Grunnlova i 1814 slo fast at det skal vere ytringsfridom og trykkefridom i Noreg. Norske medium blir styrte etter det som blir kalla den sosialt ansvarlege pressemodellen, der pressa har ei fri og uavhengig stilling, men underkastar seg ein presseetisk sjølvjustis.

Truverdet til media er vidare avhengig av eit klart skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame eller sponsing. Publikum skal vere trygge på at det redaksjonelle stoffet spring ut av ei sjølvstendig og uavhengig journalistisk vurdering, og at innhald og presentasjon er utan bindingar til utanforståande interesser.

Uavhengige redaktørar

Idealet om ei uavhengig presse finn vi òg att i Redaktørplakaten. Han slår fast at ein redaktør alltid skal ha dei ideelle måla til frie medium for auge. Redaktørplakaten er laga av Norsk Redaktørforening. Han inneheld ei skildring av pliktene og rettane til redaktøren.

Redaktøren har ansvar for å

  • ta vare på ytringsfridommen

  • fremje sakleg og fri informasjons- og opinionformidling

  • arbeide for ein journalistikk som gjer det klart for mottakaren kva som er reportasje og formidling av informasjon og fakta, og kva som er mediet sine eigne meiningar og vurderingar

Ein eldre herre i kvit skjorte sit med ein MacBook ved eit gammaldags skrivebord med ei alvorleg mine. Rommet er mørkt, og på veggen bak han heng eit utstoppa hjortehovud. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stein Vegard Olaussen, Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020

Læringsressursar

Etikk og medium