Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei videoførelesing

Fordjup deg i eit tema innan etikk og lovverk i mediebransjen, og hald eit kurs til ei bestemd målgruppe .
To jenter jobbar med skulearbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I emnet etikk og lovverk blir du kjend med korleis mediebransjen må rette seg etter ulike lover og reglar og ta ulike etiske omsyn. No skal du studere eitt av temaa meir grundig.

Lag ei kort videoførelesing (maks. fem minutt) der du presenterer eit sjølvvalgt tema innan etikk og lovverk i mediebransjen.

Fagartiklane i emnet Etikk og lovverk på NDLA vil gi deg nokre svar, men du bør òg søkje etter informasjon på internett.

Krav til videoførelesinga

  1. Videoen skal treffe målgruppa barn i alderen 8–10 år, elevar på vidaregåande skule eller eldre over 65 år. Vel éi av desse målgruppene.
  2. Du skal forklare temaet med eigne ord som er tilpassa målgruppa di. Tenk gjennom korleis du snakkar og presenterer stoffet for å nå målgruppa.
  3. Du skal få fram at du har undersøkt og tenkt gjennom ulike sider av emnet ditt. Forsøk å gi mottakarane dine ny innsikt og forståing.

Vel eitt av desse temaa

  • åndsverklova og opphavsrett
  • lånereglar, sitatrett og vernetid
  • Creative Commons
  • personvern
  • presseetikk og Ver Varsam-plakaten
  • reglar for biletpublisering
  • lover og reglar i marknadsføring
  • sjølvjustisen til pressa
  • etikk i kommunikasjonsarbeid
  • influensarar og merking av reklame

Har du ein annan idé? Snakk med læraren din, og høyr om temaet kan passe.

Slik gjer du opptak

Du kan lage ei videoførelesing på mange ulike måtar. Ein effektiv metode er å veksle mellom visuelle element (eksempelvis PowerPoint-lysark) og eit halvnært utsnitt av deg som pratar. Du kan òg lage ein presentasjon i PowerPoint og snakke til han. Det finst mange gratis program som du kan bruke for å ta skjermopptak.

Gratis program for skjermopptak

Screencast-O-matic
PowerPoint
Explain Everything
Clips

Ung mann søv under ei førelesing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Etikk og medium