Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presseetikk: Sofie mot VG

Når nyheitsmedium bryt presseetikken, kan det få store konsekvensar, både for enkeltpersonar og for pressa sjølv. I denne oppgåva skal du studere "Sofie-saka", som belyser sentrale område av presseetikken.

"Jeg føler meg presset, uthengt og dårlig behandlet av VG."
Sofie (27) klagar inn VG til PFU.

Set deg djupare inn i saka

Sofie dansa med politikaren Trond Giske, og det fekk store konsekvensar. Ho fortel historia si om VG si dekning av saka i ein artikkel på tv2.no.

Bakgrunn: omstridd dansevideo
  • VG publiserte ei sak om ein video der Ap-politikar Trond Giske og Sofie, ei kvinne i 20-åra, dansa på Bar Vulkan i Oslo.
  • Samtidig var Giske i ferd med å gjere politisk comeback i valet av styremedlemmer til Trøndelag Ap, litt over eit år etter at han måtte trekke seg som nestleiar i Ap etter å ha brote reglane i partiet om seksuell trakassering.
  • I VG vart Sofie sitert slik: "Vi danset og hadde det hyggelig, så ble det litt mye, så jeg og venninnen min dro derfra."
  • Seinare stod ho fram på TV 2 og retta sterk kritikk mot VG, som ho meinte hadde pressa og feilsitert henne.
  • Etter kvart publiserte VG ei evaluering og beklaga overfor kvinna, Giske og lesarane.
  • VG-journalisten som dekte saka, Lars Joakim Skarvøy, vart permittert i seks månader.
  • Pressens faglige utvalg felte VG si dekning og handtering av Sofie-saka på fem punkt i Ver Varsam-plakaten.

Kjelde: Johannessen & Tobiassen, 2019

Svar på desse spørsmåla

  1. Kva handlar denne saka om?
  2. Kvifor klagar Sofie inn VG til Pressens faglige utvalg?
  3. Kva meiner du om VG si handtering av denne saka?
  4. Pressens faglige utvalg felte VG si dekning og handtering av Sofie-saka på fem punkt i Ver Varsam-plakaten, punkt 3.2, 3.3, 3.7, 3.9 og 4.13. Kva handlar desse punkta om? Du finner Ver Varsam-plakaten hos Pressens faglige utvalg.
  5. Ein PFU-dom inneber at media må publisere ei fellande fråsegn på godt synleg plass. Etter at PFU felte VG, vart denne fråsegna publisert av VG. Er dette ei passande straff?

    OBS: For å lese saka må du logge inn med Schibsted-konto. Dette er gratis, men det inneber at du leverer frå deg personopplysningar.
  6. Saka fekk konsekvensar for folk sin tillit til VG. Kvifor er det alvorleg?

"[D]enne saken belyser helt sentrale områder av presseetikken; forholdet mellom medier og kilder, behovet for å tydeliggjøre premissene i kontakt med kilder og hvilke metoder som kan brukes."
Fråsegn frå Pressens faglige utvalg

Kjelder

Bjøntegård, S., Ekeberg, L., Lund-Andersen, E., Hernæs, N.,
Fjeldheim, N., Hoff, K. & Kvalnes, Ø. (2019, 28. august). VG felt i PFU. VG. Henta 27. april 2020 frå https://www.vg.no/nyheter/i/9vmlxe/vg-felt-i-pfu

Fossheim, K., Sørsdahl, E. og Fremstad, M. (u.å.). Sofie (27) danset med Trond Giske. Nå forteller hun sin historie. Henta 27. april 2020 frå https://www.tv2.no/spesialer/longread/sofie-27-danset-med-trond-giske-dette-er-hennes-historie

Johannessen, S. Ø. & Tobiassen, M. (2019, 7. juni). Sofies advokat utelukker ikke rettslige skritt mot VG. Dagens Næringsliv. Henta 27. april 2020 frå https://www.dn.no/medier/sofies-advokat-utelukker-ikke-rettslige-skritt-mot-vg/2-1-617505

Norsk Presseforbund (2020). Vær Varsom-plakaten. Henta 27. april 2020 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Etikk og medium