Hopp til innhald

Fagstoff

Å måle kroppstemperaturen

Det finst ulike måtar å måle kroppstemperaturen på. Ofte er det andre observasjonar eller kjende sjukdommar som gjer at vi ønskjer å vite den eksakte temperaturen til pasienten.
Kvinneleg helsefagarbeidar måler temperaturen på ein sengeliggjande kvinneleg pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måle kroppstemperatur

Det finst ulike typar termometer som kan nyttast til å måle kroppstemperatur med. Dei ulike måtane å måle temperaturen på er meir eller mindre presise, og du må derfor kjenne til normalverdiane ved dei ulike metodane. Den sikraste måten å måle kroppstemperatur på er å måle med digitalt termometer i endetarmen. Når du måler temperatur i munnen, under armen, på panna eller i øyret, kan målingane vere meir upresise. Følg rettleiinga nøye, og mål gjerne fleire gonger. Ved dokumentasjon og rapportering må du opplyse om temperaturen og kvar du har målt han.

Måling i endetarmen (rektal måling)

Ved rektal måling blir termometeret ført inn i endetarmen. Termometeret må ikkje førast for langt inn, særleg ikkje hos barn. Det blir plassert tre til fem cm innanfor opninga hos vaksne og to til tre cm hos barn i cirka to minutt.

Det er viktig å vere påpasseleg med hygienen når vi nyttar denne typen måling. Vi bør nytte tilpassa plasthylser på termometeret når vi måler temperaturen, og vi må desinfisere termometeret omhyggjeleg etter bruk for å førebyggje smitte.

Enkelte kan oppleve denne forma for temperaturmåling som ubehageleg, og dei føretrekkjer derfor å måle temperaturen andre stader. Det fysiske ubehaget kan lettast noko ved å smørje litt vaselin eller liknande på termometeret. Normaltemperaturen ved rektal måling er rundt 37 gradar celsius.

Måling i munnhòla (oral måling)

Å måle temperaturen i munnen kan vere nødvendig i enkelte situasjonar, men det er ikkje tilrådd, særleg ikkje på barn. Termometerspissen bør leggjast så langt inn under tunga som mogleg, og munnen må haldast lukka. Temperaturen her ligg omtrent 0,4 gradar celsius under det vi får ved rektal måling, så dette må vi derfor leggje til.

Måling i armhòla

Måling i armhòla blir kalla måling i aksillen. Mange som er sjenerte for å måle temperaturen rektalt, føretrekkjer denne metoden. Ulempa er at vi må måle forholdsvis lenge, termometeret må liggje i armhòla i om lag ti minutt. Det er òg viktig at termometeret blir godt plassert inne i armhòla, og at armen blir halden tett inntil kroppen.

Vi legg til 0,6 gradar celsius for å få ein temperatur som svarer til måling i endetarmen. Ver merksam på at denne metoden er svært upresis og kan måle opptil éin grad feil.

Måling i panna

Det finst termometer til å måle temperaturen i panna med. Det er ein infraraud sensor som måler temperaturen, og det blir gjort raskt og utan særleg grad av ubehag for pasienten. Denne målemetoden kan vere upresis på grunn av fleire usikkerheitsfaktorar knytte til huda og omgivnadene rundt målinga.

Måling i øyret

I nokre samanhengar blir temperaturen målt i øyret, og vi nyttar då eit termometer som er laga spesielt for dette føremålet. Denne metoden blir vurdert som noko usikker, sidan både brukarfeil og forhold inne i øyret kan gi feilmålingar. Metoden er raskare og meir hygienisk enn andre metodar, og pasienten opplever det sjeldan som ubehageleg.

Med denne typen termometer blir temperaturen målt ved at ein infraraud sensor måler temperaturen på trommehinna. Det krev ein spesiell teknikk for at sensoren skal treffe riktig. Når vi måler temperaturen i øyret, kan han liggje litt under temperaturen målt rektalt.

Relatert innhald

Kroppstemperaturen er ein indikasjon på helsetilstanden til eit menneske. Å måle temperaturen er ein enkel måte å få informasjon om helsetilstanden på.

Feber i seg sjølv er ikkje ein sjukdom, men eit symptom på sjukdom eller skade. Tiltaka ved feber avheng av kva som er årsaka.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie