Hopp til innhald

Fagstoff

Tiltak ved feber

Feber i seg sjølv er ikkje ein sjukdom, men det er eit symptom på sjukdom eller skade. Ved høg feber eller redusert allmenntilstand er det viktig å finne grunnen til at kroppstemperaturen er høgare. Tiltaka ved feber avheng av kva som er årsaka.
Sovande baby med digitalt febertermometer i framgrunnen. Termometeret viser 38 gradar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ro og kvile

Pasienten bør sjølv få bestemme aktivitetsnivået. Feber gjer pasienten slapp og sliten. Søvn og kvile er òg viktig for immunforsvaret til kroppen.

Personleg hygiene

Ved feber er gjerne allmenntilstanden nedsett, og pasienten kan derfor trenge hjelp til personleg hygiene. For å gi pasienten ei kjensle av velvære er det viktig med hyppig kroppsvask, tann- og munnstell og skift av sengetøy.

Næringstett kost

Ein pasient med feber har gjerne liten appetitt. Det er då viktig at det pasienten får i seg av mat, inneheld mykje næring. Døme på næringstett kost er frukt-smoothie, ostebitar, nøtter, frukt og avokado. Maten bør vere delikat.

Drikke

Pasienten bør ha tilgang til rikeleg med drikke fordi kroppen taper ekstra væske når kroppstemperaturen aukar. 30 ml væske per kilo kroppsvekt i døgnet blir rekna som rikeleg med drikke. Drikke bør vere avkjølt og frisk til kvar tid.

For at pasienten skal få i seg både sukker og salt, blir det tilrådd å gi ei blanding av mineralvatn frå naturlege kjelder med salt som bind væske til kroppen, og søt eplemost som gir energi. Pasienten tilfører òg væske til kroppen gjennom å suge på isbitar eller ete fruktis.

Avkjøling

Ved feber bør påkledinga vere lett (utan at pasienten frys), og romtemperaturen bør vere sval (15–17 gradar). Dyna kan gjerne bytast ut med eit lettare teppe eller eit laken.

Det er likevel viktig at pasienten ikkje frys, for då byrjar kroppen å produsere meir varme. Nokre pasientar tykkjer det er godt med kalde omslag på panna.

Kontrollmåling av temperaturen

Det er viktig å kontrollmåle temperaturen og dokumentere verdiane i journalen til pasienten. Når pasienten har feber, er det tilrådd å kontrollmåle temperaturen minst to gonger per døgn, og vi bør måle feberen til same tid på døgnet. Vi kan måle kroppstemperaturen på ulike måtar.

Medikamentell behandling

Dersom pasienten er svært plaga av feberen, kan legen føreskrive febernedsetjande medikament. Pasienten blir ikkje raskare frisk ved bruk av medikament, så bruk av febernedsetjande middel er ikkje behandling, men eit tiltak for å lindre symptom og plagar.

Immunsystemet arbeider mest effektivt ved ein kroppstemperatur på mellom 38 og 39 gradar, og det er derfor ikkje føremålstenleg å ta febernedsetjande legemiddel viss pasienten ikkje er plaga med smerter, har kraftig nedsett allmenntilstand eller underliggjande sjukdom der feberen kan medføre forverring. Det er òg ein risiko for at febernedsetjande medikament kan maskere (skjule) andre symptom på alvorleg sjukdom.

Som helsefagarbeidar skal du ikkje gi noka form for medikament utan å ha gjennomført kurs i legemiddelhandtering og fått delegert lov til å dele ut legemiddel frå leiaren av verksemda. Dersom du gir medikament, er det oppgåva di å observere verknad og eventuelle biverknader av legemiddel.

Utfordringar til deg

  1. Lag ei liste med ulike metodar du kjenner til for måling av kroppstemperatur.
  2. Kva metode eller metodar blir nytta på praksisstaden din?
  3. Diskuter fordelane og ulempene med dei ulike metodane for temperaturmåling med ein medelev. Bruk døme til å grunngi svara dykkar.
CC BY-SASkrive av Birgit Flaten og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Sjukepleie for helsefagarbeidaren