Protein, kvite blodceller, sukker og nitritt er vanlegvis ikkje å finne i frisk urin. Viser urinprøven utslag på eitt eller fleire av desse stoffa, er det eit teikn misforhold i kroppen, og dette må undersøkast.
Individuell oppgåve
Kva er årsaka til at urinprøvar skal bli tekne på morgonen, ikkje på kvelden?
Kva blir meint med omgrepet "midtstrålen", og kvifor er det akkurat denne urinen prøven skal bestå av?
Det er fleire faktorar som gjer ein urinprøve forureina og derfor ueigna for analyse. Desse skjer hovudsakleg når prøven blir teken. Kva faktorar er dette?
Urinprøvar kan bli analyserte nær pasienten, som ved ein sjukeheim, ved bruk av urinstrimmel, eller sende til dyrking ved mikrobiologisk avdeling hos næraste sjukehus. Finn ut kvifor ein opererer med to ulike metodar, og kva dei gi svar på.
Praktisk øving
Beskriv korleis du vil planlegge og gjennomføre prosedyren for urinprøvetaking.
Kvifor gjennomfører du urinprøvetaking?
Kva utstyr treng du?
Korleis gjennomfører du prosedyren?
Kva informasjon gir du til pasienten?
Gjennomfør test med urinstix i samsvar med prosedyre. Her kan du nytte anten urin (eigen eller frå nokon andre), vatn tilsett glukosepulver og eventuelt ein drope blod, eller eplejus.
Dokumenter gjennomføringa og resultat av urinprøven.