Rommet kan vere både ryddig og reint, men ei seng i uorden øydelegg likevel heilskapsinntrykket.
Gruppeoppgåve
Lag ei liste over utstyret de treng for å reie ei seng.
Finn fram utstyret og legg det i riktig rekkjefølgje.
Gjennomfør sengeskift både utan og med pasient i senga. Byt på å vere helsefagarbeidar, pasient og observatør. Pass på hygiene og ergonomi mens de øver.
Evaluering i gruppa etterpå.
Kva gjekk bra?
Kva gjekk mindre bra?
Korleis vil de gjennomføre prosedyren neste gong?
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan og Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021