Omtrent 350 000 nordmenn har diabetes. For lågt eller for høgt blodsukkernivå er ubehageleg, og det kan vere direkte helseskadeleg for pasienten. Korrekt utført måling er derfor viktig for å overvake og regulere blodsukkeret.
Utstyr
teststrimlar
stikkpenn med ny og skarp lansett
blodsukkerapparat
tupferar
bandasjetape
hanskar
Prosedyre
Be pasienten om å vaske hendene.
Desinfiser dine eigne hender og ta på hanskar.
Sjekk utløpsdatoen på teststrimlane.
Sett strimmelen i apparatet.
Stikk på sida av lange- eller ringfingeren.
Få fram ein stor drope blod utan å klemme.
Sug opp dropen ved hjelp av teststrimmelen.
Legg ein tupfer over stikkstaden.
Les av apparatet og dokumenter.
Kast lansetten i gul kanyleboks og resten i vanleg avfall.
Utfordringar til deg
Kva er blodsukker?
Kvifor skal du stikke i sida på fingertuppen?
Kvifor skal du kaste lansetten i gul kanyleboks?
CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022