Hopp til innhald

Fagstoff

Klima/mikroklima

Temperaturen er avgjerande for kvar på jordkloden det kan dyrkast druer for vinproduksjon.

Vær- og temperaturforhold

Høsting av vindruer i Norge

Vindyrking skjer i den tempererte sona. Det vil seie mellom 30. og 50. breiddegrad på den nordlege halvkula og mellom 30. og 40. på den sørlege. Kjem vi utanfor desse områda, vil det anten vere for varmt eller for kaldt. No har kanskje nokon høyrt at det blir dyrka vindruer i Vestfold i Noreg, men det er eit unntak der det er heilt spesielle forhold, sjølv om dei nok ikkje er dei gunstigaste. Dette at det finst spesielle vêr- og temperaturforhold i enkelte område, kallar vi mikroklima. Vinar som kjem frå dette området, vil då gjerne få ein særeigen karakter.

Mikroklima

Eit godt eksempel på eit land med mange mikroklima er Italia, som er langt og smalt, med fjell, slake åsar og bratte skråningar ned mot kysten. Dei nordlegaste distrikta ligg ved foten av Alpane og er forholdsvis kjølige. Dei sørlegaste strekkjer seg ut mot Middelhavet der det til tider er ganske varmt. Alt dette gjer at vi finn ein fantastisk variasjon av vinar frå Italia.

Druer som blir dyrka i sørlege område, får meir varme og såleis meir sukker enn druer som blir dyrka i nordlege område. Om du smaker på ei frukt som ikkje er heilt moden, smaker det surt. Det er på grunn av stort innhald av syrer. Etter kvart som modninga skjer, vil syrene gå over til fruktsukker. Det same er tilfellet med druer. Derfor vil vinar frå nordlege område ha meir friskleik, syrer, enn vinar frå sørlege område. Vinar frå godt modne druer vil gjerne få meir fylde og alkoholstyrke. Balansen mellom fylde, søtleik og syrer er eit viktig element i ein vin, særleg i kvitvin. Det blir gjerne dyrka grøne druer (til kvitvin) i kjøligare område enn der det blir dyrka druer til raudvin. Ein vil ofte òg sjå at raudvin har eit høgare alkoholinnhald enn kvitvin.

Europas bratteste vingård
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Italia konkurrerer med Frankrike om å vere den største vinprodusenten i verda, og dei siste åra har Italia vore størst.

Vinplanten Vitis vinifera, som er føresetnaden for det meste av vinproduksjonen, reknar ein med oppstod ved foten av fjella i Kaukasus, 8000–6000 år f.Kr.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Vin