Hopp til innhald

Fagstoff

Fasane i salsprosessen

For å bli gode seljarar må vi forstå heile salsprosessen og yte vårt beste i kvar fase av han. Vi må arbeide systematisk og gjere ein god jobb heile tida. Det finst "fødde seljarar" som alltid sel mest, men få har dei nødvendige eigenskapane frå fødselen. Heldigvis kan dei stort sett lærast.

Å jobbe med sal

Det er både spennande og utfordrande å jobbe med sal. Ingen dagar er like, og ingen kundar er like. Kundane kan vere kresne, dei kan ha ein dårleg dag, eller dei kan vere forsiktige og mistenksame. Derfor må du som seljar vere kreativ og kunne tilpasse salsteknikken til kvar enkelt kunde, etter dei behova og ønska kunden har.

Sidan har endra seg dei siste åra, må salsprosessen følgje etter. Dyktige seljarar, som kan jobben sin, er den viktigaste ressursen i bedrifta.

Kva er ein salsprosess?

Som seljar må du kunne avdekkje behova og ønska til kunden, slik at du får selt produkta dine og kunden blir fornøgd. Fornøgde kundar er gull verde! Salsprosessen blir av superoffice.no definert som

[…] en rekke av gjentatte handlinger som en selger gjør for å flytte en potensiell kunde fra det første stadiet med oppmerksomhet til et bekreftet salg.

Vi kan dele salsprosessen inn i seks fasar som vi går gjennom før vi sel, når vi sel, og etter at vi har selt. Dei seks fasane er

  1. planlegging

  2. kontakt

  3. behovsanalyse

  4. argumentasjon og demonstrasjon

  5. avslutning

  6. oppfølging


Relatert innhald

Å drive med sal høyrest kanskje enkelt ut, men dei som har gjort det ei stund, veit at det mellom anna krev grundig planlegging og god produktkunnskap.

Når planleggingsfasen er over, er det tid for å ta kontakt med kunden. Det skal vi sjå nærare på her.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2021

Læringsressursar

Salsprosessen